Viltforvaltning

Viltforvaltninga omfattar alle pattedyr, fuglar, krypdyr og amfibium. Det overordna målet i viltlova er at viltet og viltet sitt leveområde skal forvaltast slik at naturen sin produktivitet og artsrikdom blir tatt vare på.

 

Omsyn til viltet skal innpassast i kommunal og fylkeskommunal planlegging, og det vert utarbeidd kart over viktige viltområde i kommunane for å sikre viltinteressene i arealplanlegginga. Skogbruket har eit eige ansvar for å ta vare på viltet og anna biologisk mangfald ved drifta av skogsområda.

Jakt
Alt vilt er freda dersom ikkje anna er fastsett i lov eller vedtak med heimel i lov. Miljødirektoratet fastset jakttider for dei jaktbare artane, men kommunane kan forlenge eller forkorte jakttidene for enkelte artar. Kommunane styrer det meste av viltforvaltninga, medan fylkeskommunen har ein rettleiingsfunksjon for alle jaktbare artar med unnatak av villrein, grågås og store rovdyr. Fylkesmannen er klageinstans for dei fleste vedtak kommunen fattar i medhald av viltloven.

Retten til jakt tilhøyrer grunneigarane. For å sikre ei forsvarleg utnytting av ressursane, er det ønskeleg at rettshavarane utarbeider driftsplanar. I dei fleste tilfella krev dette at fleire grunneigarar samarbeider om forvaltninga over eit større geografisk område. I fylke med villrein føregår forvaltninga stammevis over kommune- og fylkesgrenser. Det er villreinutvala til rettshavarane som står for den daglege forvaltninga, etter at driftsplan og kvotar er godkjende av ei statleg villreinnemnd. Alle som driv jakt og fangst, må vere registrert i jegerregisteret og betale ei årleg jegeravgift. I tillegg må ein løyse jaktkort eller innhente løyve av grunneigarane.

Dødt vilt og fallvilt

Framgangsmåte ved funn av dødt vilt

Framgangsmåte ved funn av dødt vilt

Vilt som er daudt tilhøyrer i utgangspunktet staten, men det er unntak:

  • Om dyret er skote under ordinær jakt, er det du som eig viltet.
  • Om dyret er felt under kvotejakt eller lisensfelling, er det du som eig skinnet.
  • Om hjortevilt eller bever har dauda utanom ordinær jakt, så tilhøyrer dyret kommunen, jf. Lov om jakt og fangst av vilt (viltloven)
  • Om dyret (arten) ikkje er kryssa av på lista over registreringspliktige artar, jf. tabell for artsliste i forskrift om ivaretakelse av dødt vilt.

Alt anna vilt må du søke om å få stoppe ut og eige. Dette gjeld til dømes:

  • Vilt frå skadefelling
  • Vilt avlivet fordi det er skada
  • Vilt felt i naudverge
  • Ikkje-jaktbare artar som er funne i naturen

Ta kontakt med ein preparant eller kommunen, om du er i tvil om kven som har eigarskap til det daude viltet.

 


26.06.2017

Opning for tidlegjakt på grågås

I kommunane Haram, Sandøy, Aukra, Vestnes, Rauma, Halsa og Smøla kan grågåsjakta starte 26. juli i område i tilknyting til innmark og inngjerda beite.

21.03.2017

Ny forvaltningsplan for moskus på Dovrefjell

Det er eit politisk ynskje å ta vare på stammen av viltlevande moskus på Dovrefjell. Fylkesmannen i Sør-Trøndelag har utarbeidd framlegg til ny forvaltningsplan for moskus på Dovre som er sendt på høyring. Høyringsfristen er 1. juni 2017.

29.03.2016

Bandtvang for alle hundar frå 1. april

Frå 1. april til og med 20. august er det generell bandtvang for alle hundar. I denne perioden skal hunden vere halden i band eller vere forsvarlig inngjerda eller innestengt.

10.03.2009

Viktig avgjerd for villreinen

Miljøvernministeren gjorde 4 mars 2009 endeleg vedtak i ein reguleringssak i Torbudalen i Sunndal. Det vert ikkje opna for nye hytter i dette området. Med denne avgjerda er det sett ein standard for prioritering av villreininteressene.