Oppstartsmelding arbeid med marint vern i Giske

Grunne sjøområde utanfor Giske. Foto: Øivind Leren
Grunne sjøområde utanfor Giske. Foto: Øivind Leren

Fylkesmannen melder med dette oppstart av arbeidet med marint vern i Giske kommune i samsvar med reglane i naturmangfaldlova § 42.

Området som skal greiast ut har eit areal på om lag 68 km2 og ligg i sin heilheit i Giske kommune. Sjå vedlegg for kart. Området ligg i i hovudsak utanfor privat grunn. Verneformålet er å ta vare på dei spesielle botntilhøva og det tilhøyrande rike og mangfaldige plante- og dyrelivet, som er karakteristisk for naturtypar i grunne område. Verneformålet inkluderer også å ta vare på botn- og dyrelivet i djupare parti i tilknyting til gruntområda.

Informasjonsmøte

Vi inviterer alle partar og interesserte til informasjonsmøte i samband med oppstartsmeldinga. Møtedato er 13. mai på Giske rådhus kl. 16:30-19:30. På møtet vil Fylkesmannen orientere om arbeidet med marint vern, og det vil bli høve til å stille spørsmål og kome med kommentarar.

Innspel

Merknadar til oppstartsmeldinga må sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller på e-post til fmmrpostmottak@fylkesmannen.no, innan 16. mai 2019. Merk saka "marint vern Giske".