Arbeid med marint vern - Giske

Eitt sjøområde i Giske skal vurderast som eit marint verneområde. Planområdet ligg i sin heilheit i Giske kommune i Møre og Romsdal fylke, og er omlag 68 km2 stort. Området omfattar sjøområdet mellom Giske, Valderøy og vestsida av Vigra. Giskerevet og områda vest og aust for dette er med.

Giske eitt av 36 kandidatområde som skal utgreiast som marint verneområde med utgangspunkt i tilråding frå Rådgivande utval for marint vern. Arbeidet med marint vern er forankra gjennom naturmangfaldmeldinga stortingsmelding 14 «Natur for livet» (2015-2016). Naturmangfaldmeldinga slår fast at «eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar».

Figur 1. Den ytre avgrensinga av utredningsområdet for marint vern av Giske.

Figur 1. Den ytre avgrensinga av utredningsområdet for marint vern av Giske.

 

Bilete 1. Stortare (foto: Magnus Tornes).

Bilete 1. Stortare (foto: Magnus Tornes).

 

Bilete 2. Flyfoto over Giske med deler av Giskerevet. Foto tatt mot øst. Valderøya og Vigra i bakgrunnen (foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal).

Bilete 2. Flyfoto over Giske med deler av Giskerevet. Foto tatt mot øst. Valderøya og Vigra i bakgrunnen (foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal).

 

Bilete 3. Flyfoto over Blindheimsvik tatt mot sørvest. Giske i bakgrunnen (foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal).

Bilete 3. Flyfoto over Blindheimsvik tatt mot sørvest. Giske i bakgrunnen (foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal).

 

 

Bilete 4. Flyfoto over Synnesvågen tatt mot nordøst (foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal).

Bilete 4. Flyfoto over Synnesvågen tatt mot nordøst (foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal).

 

 

 

 

 

 

Kontaktpersonar

Bakgrunn

Noreg er ein av 195 nasjonar i verda som har signert Konvensjonen om biologisk mangfald.

FN-avtala har som mål å ta vare på det biologiske mangfaldet og bruke biologiske ressursar på ein berekraftig og rettferdig måte. Avtalen forpliktar landa til å verne minst 17 prosent av landareala og 10 prosent av sjøareala sine.

Som oppfølging av den marine delen av avtalen ble det i 2001 nedsett eit breitt samansett rådgivande ekspertutval, som hadde i oppgåve å finne fram til egna norske kyst- og havområde som kunne inngå i marint vern.