Verdfullt skogområde verna i Nesset

Regjeringa har i Statsråd 25.11.2016 utvida Prestaksla naturreservat med ca. 480 daa. «Dette er eit viktig tiltak for å ta vare på naturmangfaldet i skogsnaturen vår», seier seniorrådgjevar Ola Betten hos Fylkesmannen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.11.2016

Prestaksla ligg mellom Bugge og Nesset Prestegard. Føremålet med naturreservatet er å ta vare på eit tilnærma urørt naturområde av stor verdi for det biologiske mangfaldet. Høgdeforskjellane fører til eit stort mangfald av arter. Nedst er det artsrik lågurtskog, rike hasselkratt og annan edellauvskog med alm og ask. I midtre delar er det gammal skog med furu, osp og bjørk. Her er store mengder daud ved. Øvst er bjørk dominerande treslag.

Frivillig vern viktig

Stortinget har vedteke at 10 % av skogen skal vernast, og Prestaksla naturreservat er eit resultat av satsinga på frivillig vern. Interesserte skogeigarar kan tilby vern av skogen sin, og dersom denne har høge nok naturkvalitetar, kan dette resultere i nye naturreservat. Det blir forhandla fram ei erstatning for tapte inntekter.

 Skogeigarforeininga Allskog har ein sentral rolle i arbeidet med frivillig skogvern, og det er dei som har fått fram tilboda om vern av Prestaksla naturreservat. «Fylkesmannen er godt nøgd med arbeidet som Allskog gjer» seier Ola Betten, og legg til at det vert arbeidd med fleire andre tilbod om frivillig skogvern.