Tilrår nye skogreservat

Durmålhaugen (Foto: Øivind Leren)
Durmålhaugen (Foto: Øivind Leren)

Fylkesmannen tilrår vern av Åfarhaugen naturreservat, Durmålhaugen naturreservat og utviding av Hisdalen naturreservat. Områda ligg i Sunndal og Tingvoll kommunar, og vil medføre ca. 3.500 daa nytt verna areal.

Framlegga er med i ordninga for frivillig skogvern, og det er grunneigarane sjølv som har tilbydd areala. Områda har store kvalitetar med m.a. gammal furuskog og raudlisteartar som lever i denne. Det er få inngrep i områda.

Verneframlegga har vore på høyring, og det kom fram svært få merknader til framlegga. Erstatninga til grunneigarane er alt framforhandla, og det er Miljødirektoratet og Regjeringa som fullfører prosessen. Vernevedtak er forventa i løpet av hausten 2017.