Gaupejakt 2019

Gaupe
Gaupe (Foto: Svein Wik)

Rovviltnemnda i region 6 har fastsatt kvote for jakt på gaupe i Møre og Romsdal i 2019. Kvotejakta startar 1. februar.

Rovviltnemnda i region 6 fatta i møte den 26. oktober 2018 kvote for jakt på gaupe i Trøndelag og Møre og Romsdal vinteren 2019. Totalkvoten for heile regionen er på 25 dyr, der det maksimalt kan fellast 9 hodyr. Rovviltnemnda sitt vedtak er stadfesta av Klima- og miljødepartementet etter klagebehandling.

Gaupejakta startar 1. februar og varer til 31. mars.

Kvote i Møre og Romsdal

Innafor forvaltningsområdet i Møre og Romsdal, samt Rindal, kan det fellast 2 gauper med ei hodyrkvote på 1 vaksent hodyr. Kvotejaktområdet er delt inn i to delområde som blir slått saman frå 1. mars.

Delområde A: Tingvoll og den delen av Sunndal som er nord for Driva: 1 gaupe

Delområde B: Surnadal, Halsa, gamle Aure kommune og Rindal: 1 gaupe

Det er opna for kvotefri jakt i dei delane av Møre og Romsdal som ikkje er omfatta av forvaltningsområdet for gaupe.

Om kvotejakta

Jakt på gaupe er ordinær jakt etter § 9 i viltloven, og er difor underlagt vanlege jaktreglar etter denne lova. Dette tyder m.a. at den som jaktar gaupe må ha løyve frå grunneigar.

Bruk av gaupebås skal godkjennast av Fylkesmannen. Det er ikkje krav om å registrere seg som lisensjegar for å delta i den ordinære gaupejakta.

Den som jaktar gaupe må halde seg oppdatert om attverande kvote ved å ringe telefonnr. 71 25 85 01 (telefonsvarar).

Elles minner vi om følgjande delar av regelverket (lista er ikkje uttømmande):

  • Den som feller gaupe i Møre og Romsdal, eller løyser skot mot gaupe utan at ho blir felt, skal straks melde frå om dette til oss på telefon nummer 9092 6016. Dersom det er løyst skot mot gaupe avgjer vi om, og eventuelt korleis, vidare ettersøk skal gjennomførast.
  • Til jakt på gaupe er det ikkje tillate å bruke halvautomatisk rifle med meir enn to skot i magasinet og eitt i kammeret.
  • Til jakt på gaupe er det, når det blir nytta rifle til jakt, berre tillate å bruke ammunisjon med ekspanderande prosjektil som har ein anslagsenergi på minst 980 joule (100 kgm) på 100 meters avstand. Hagle er òg tillate for felling av gaupe. Ved jakt med rifle skal skyteprøve vere avlagt inneverande jaktår med det våpenet som blir nytta.
  • Aldersgrensa for å drive gaupejakt er 18 år.
  • Fordi forvaltninga har eit direkte behov for å nyttiggjere seg data frå felte dyr, er det pålegg om å sende inn skrottar av felt gaupe til vitskapleg gransking, jf. viltlova §§ 48 og 50. Jegar eller preparant pliktar å levere inn skrotten innan 1. juni. Om skrotten ikkje blir levert inn til fristen, vil heile dyret bli inndratt til fordel for Viltfondet.