Endring i lisensfellinga av ulv

Klima- og miljødepartementet har den 19. mars 2019 vedtatt endringar i lisensfellingsperioden for ulv i områda utanfor ulvesona.  

 

Endringane gjeld rovviltforskrifta § 10 femte ledd og merknadane til føresegna.

Fellingsperioden for ulv i Møre og Romsdal er etter endringa 1. desember til og med 31. mai.

Endringa trer i kraft straks, og vil dermed gjelde for våren 2019.

Kvoten for lisensfellinga i 2018/2019 er 3 ulvar, og er felles for region 6 Midt-Norge (Trøndelag og Møre og Romsdal).

Fylkesmannen minner om følgande:

Den som skal delta i lisensfellinga på ulv må halde seg oppdatert om attverande kvote ved å ringe telefonnr. 71 25 85 03 (telefonsvarar).

Ved felling eller om det vert løyst skot mot ulv skal dette utan opphald meldast til Fylkesmannen på telefon 9092 6016 og til næraste politimyndigheit.

Felte dyr skal framvisast for Statens naturoppsyn (SNO) for kontroll, merking og prøvetaking av biologisk materiale.

Skyteprøve avlagt i jaktåret 2018/2019 gjeld i deltaking i lisensfellinga av ulv til og med 31. mai 2019.

Betalt jegeravgift er kun gyldig for jaktåret, dvs. ut mars månad. Lisensjegarar som skal felle ulv etter 31. mars må betale jegeravgift for nytt jaktår (2019/2020) før dei kan delta i lisensfellinga.

Jegarar som har lisens for felling av ulv i jaktåret 2018/2019 må registrere seg som lisensjegarar for nytt jaktår 2019/2020 dersom dei skal delta i felling av ulv frå 1. april. Registrering for nytt jaktår kan gjerast frå 1. april 2019.

Jegarar kan laste ned og vise fram digitalt jegeravgiftskort ved kontroll i felt. Registrering som lisensjeger for jaktåret 2019/2020 vil gå fram av jegeravgiftskortet ved registrering frå 1. april. Jegeravgiftskortet kan lastatst ned til mobiltelefon eller skrivast ut ved å logge på "Min jegerside" hos Jegerregisteret.

Informasjon om digital jegeriformasjon og jegerkort som er innført frå 2019 kan du lese her: https://www.miljodirektoratet.no/aktuelt/nyheter/2019/mars-2019/jegeravgiften-blir-digital/

Ut over kravet til registrering som lisensjegar, gjeld reglane som for ordinær jakt. For å utøve lisensfelling må du ha grunneigaren sin tillatelse.