Auke i tap av sau til freda rovvilt

Fylkesmannen har mottatt 69 søknader om erstatning for sau og geit drept av freda rovvilt i 2018. Samla erstatningskrav er 1458 sauer og 4 geiter.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.11.2018

Søknadene viser ein auke i talet på omsøkt erstatta sau samanlikna med dei tre føregåande åra. Tapa er likevel lågare enn dei var i åra før 2012. Det er kome inn 69 søknader om erstatning frå 14 beitekommunar. Dei største krava kjem frå Rauma og Norddal og er i all hovudsak knytt til tap til jerv på fjellbeite.

Dei førebelse tala syner at det er søkt om erstatning for jerveskade på 1068 sau og lam, noko som er ein auke på vel 370 dyr samanlikna med i fjor. Erstatningskravet knytt til gaupe er på 360 dyr, medan 30 dyr er knytt til kongeørnskade.

Fordelinga av erstatningskravet på dei ulike rovviltartane er gjort av saueeigarane ved innsending av søknad om erstatning for tap til rovvilt. Søknadene om erstatning vil som utgangspunkt bli handsama før årsskiftet. Eit viktig grunnlag i vurderinga av søknadene er undersøkingane av daude eller skadde sauer som blir gjennomført av Statens naturoppsyn.

Statens naturoppsyn undersøkte 105 kadaver i 2018 der ein mistenkte rovviltskade. Rovvilt vart påvist som tapsårsak i 53 av tilfella. Dei fleste tilfella er knytt til jerv, der det vart påvist jerveskade hjå 43 sauer og lam. Det vart påvist gaupeskade i 7 av tilfella og kongeørnskade hjå 3 lam.