Søk erstatning for rovviltskade

Du kan no sende inn søknad om erstatning for rovviltskader på husdyr i beitesesongen 2017. Fristen er tysdag 1. november.

Søknader som gjeld sau skal sendast via Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter (ESS) til Fylkesmannen i ditt heimfylke innan fristen. 

For å ha rett på erstatning må dyreeigar:

  • ha rett til produksjonstilskot etter jordbruksavtalen. Også vêrring, sauavlslag eller tilsvarande kan få erstatning dersom dei lir tap.
  • ha fast bustad i Norge.
  • fremje søknad via søknadssenteret innan 1. november (lenke i høgremargen).

Det vert betalt ut erstatning for husdyr som har status «dokumentert» eller «antatt» drept av freda rovvilt i Rovbase. Dokumentasjon av rovviltskade blir gjennomført av Statens naturoppsyn sine rovviltkontaktar. I dei tilfella ein ikkje har funne kadaver eller det ikkje er mogeleg å fastslå dødsårsak, kan det betalast ut erstatning etter ei skjønsvurdering.

Dersom du ikkje har tilgong til eiga datamaskin, eller har vanskar med å levere søknaden elektronisk, kan du kontakte kommunen du bur i i god tid før søknadsfristen 1. november.

Søkar har eit sjølvstendig ansvar for å søke innan fristen. Søknad som kjem inn etter fristen utan etter avtale med Fylkesmannen, vil bli avvist. Fylkesmannen kan gje nærare rettleiing om krav til innhald i søknaden.

Søknader som gjeld tap av geit, storfe eller hund skal ikkje leverast via ESS, men sendast inn per post eller på e-post til Fylkesmannen sitt postmottak.

Dokumentasjonskrav

Den som søker om erstatning må legge ved individlister for buskapen til søknaden. Individlistene skal minimum innehalde alle individnummer i besetninga, kopling mellom søye og lam, dødsårsaker og helse-/sjukdomsinformasjon. For medlemmer i Sauekontrollen, er det mogeleg å lage ein rapport  i pdf-format som gir dei naudsynte data til sakshandsaminga. Vi oppmodar om at denne vert lagt ved elektronisk.

Hugs følgjande når du søkjer om rovvilterstatning:

 

  • Legg ved kart som viser kva for beiteområde dyra dine nyttar i beiteseongen
  • Gje informasjon om besetninga di på individnivå; data over tapte, skadde og sjuke dyr
  • Fordel tapet på den rovviltarten du meiner har tatt husdyra dine
  • Oppgje korrekt sone for distrikstilskot; Kart over sonegrenser (NIBIO)
  • Send gjerne med tilsynslogg