Lisensfelling av jerv, ulv og brunbjørn 2017/2018

Rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge har fastsatt kvoter for årets lisensfelling av jerv og ulv. I Møre og Romsdal kan det fellast fire jervar når lisensjakta startar 10. september.

Lisensfelling er skademotivert felling med heimel i naturmangfaldlova § 18 bokstav b). Lisensfelling krev løyve frå grunneigar, og den som skal delta i lisensfellinga må vere registrert som lisensjeger i Jegerregisteret.

Kvoter for jerv

Kvotevedtaket er fastsett for å stabilisere jervebestanden i regionen på bestandsmålet som er 10 årlege ynglingar, og samstundes forflytte jervebestanden til innanfor vedtatt yngleområde. Samla kvote for Midt-Norge er 15 dyr og ei reservekvote på 8 dyr der 4 kan vere tisper.

I Møre og Romsdal, med unntak av yngleområdet for jerv i Sunndalsfjella, Snøhetta og Reinheimen, er det fastsett ein kvote på 3 dyr. I tillegg er det opna for felling av 1 jerv i yngleområdet. Lisensjakta startar 10. september og varer til 15. februar.

Figur: Kartet viser forvaltningsområdet for jerv med raud skravur. I dette området er det i 2017/2018 ein kvote på 1 jerv. I resten av fylket er kvoten 3 dyr.

Kvote for ulv

Kvote for lisensfelling av ulv 2017/2018 er fastsett til 2 ulvar. Kvoten er felles for Møre og Romsdal, Nord- og Sør-Trøndelag. Lisensjakta startar 1. oktober og varer til og med 31. mars. Bakgrunnen for at nemnda opnar for lisensfelling av ulv, er ulveaktivitet og ulveskader i regionen i 2016 og 2017. Det er ikkje mål om å ha ulv i Midt-Norge.

Ingen lisensfelling av brunbjørn i Møre og Romsdal

Det er påvist færre bjørnar og færre skader, og bjørnebestanden ligg no langt under det norske bestandsmålet. Miljødirektoratet har dermed kun opna for ei avgrensa kvote i årets lisensfelling av bjørn. I Rovviltregion 6 Midt-Norge er det opna for felling av 1 bjørn i delar av Nord-Trøndelag. Det er altså ingen kvote i Møre og Romsdal.

Kvotetelefon

Alle som deltek i lisensfellinga av jerv og ulv pliktar å oppdatere seg jamnleg om attverande kvote på telefonsvarar:

71 25 85 02 (jerv)

71 25 85 03 (ulv)

Meldeplikt ved alle avfyrte skot

Den som feller rovvilt eller løyser skot mot rovvilt, utan at viltet blir avliva, skal straks melde frå til Fylkesmannen på telefon 9092 6016.

Felt rovvilt skal framvisast for Statens naturoppsyn (SNO) for kontroll, merking og prøvetaking av biologisk materiale. Fellingsstaden skal kunne påvisast av jegeren etter oppmoding frå SNO, politiet eller Fylkesmannen.

Om det skulle bli aktuelt med ettersøk av mogleg skadd rovvilt, er det Fylkesmannen som har ansvaret for å organisere ettersøket. Dei som har teke del i fellingsforsøket må utan godtgjersle hjelpe til med ettersøket slik vi bestemmer.

Bruk av jervebås

Om du skal nytte bås til fangst av jerv må du sende søknad om dette til Fylkesmannen. Godkjenning for fangst gjeld for ein sesong av gongen, og det må søkast på nytt for båsar som var godkjent for fangst tidlegare sesongar.

 

Lisensfellingsperiode

Jerv       10. september t.o.m. 15. februar

Bjørn     21. august t.o.m. 15. oktober

Ulv         1. oktober t.o.m. 31. mars

Kontaktpersonar

Lenkjer

Kvote for lisensfelling 2018/2019

 

Jerv     

3 dyr i område utan mål om yngling i Møre og Romsdal 

Av desse kan 1 jerv fellast område med ny forvaltningsstatus i øvre Sunndal. 

Ulv

3 dyr (samla kvote for region 6 Midt-Norge)

 

Kvotetelefon

Jerv: 71 25 85 02

Gaupe: 71 25 85 01

Bjørn/Ulv: 71 25 85 03

 

Meld frå om felling

Tlf: 9092 6016