Gaupejakt i Møre og Romsdal 2018

Det kan fellast to gauper på Nordmøre når gaupejakta startar 1. februar. I resten av fylket er det kvotefri jakt.

Klima- og miljødepartementet har i klageavgjerd den 29. januar 2018 opprettholdt rovviltnemnda i region 6 sitt vedtak om kvote for jakt på gaupe i Midt-Norge i 2018. Det går fram av departementet si avgjerd, at reservekvoten ikkje skal takast i bruk dersom den totale hodyrkvota på 9 vaksne hodyr blir fylt.

Det er dermed vedtatt slik kvote i Møre og Romsdal for gaupejakta i 2018:

  • Område med mål om yngling (gamle Aure, Halsa, Tingvoll, Rindal, Surnadal og den delen av Sunndal kommune som ligg nord for elva Driva) - 2 gauper (1 vaksa hogaupe)
  • Resten av fylket - kvotefri jakt.

Gaupejakta byrjar 1. februar og varer til og med 31. mars, men vert stoppa tidlegare ved fylt kvote. I kvotefritt jaktområde er det jakt ut mars månad uavhengig av om kvoten i kvotejaktområdet på Nordmøre er fylt eller ikkje.

Jakt på gaupe er ordinær jakt etter § 9 i viltloven, og er difor underlagt vanlege jaktreglar etter denne lova. Dette tyder m.a. at den som jaktar gaupe må ha løyve frå grunneigar.

Bruk av gaupebås skal godkjennast av Fylkesmannen. Det er ikkje krav om å registrere seg som lisensjegar for å delta i den ordinære gaupejakta.

Den som jaktar gaupe må halde seg oppdatert om attverande kvote ved å ringe telefonnr. 71 25 85 01 (telefonsvarar).

Elles minner vi om følgjande delar av regelverket (lista er ikkje uttømmande):

  • Den som feller gaupe i Møre og Romsdal, eller løyser skot mot gaupe utan at ho blir felt, skal straks melde frå om dette til oss på telefon nummer 9092 6016. Dersom det er løyst skot mot gaupe avgjer vi om, og eventuelt korleis, vidare ettersøk skal gjennomførast.
  • Til jakt på gaupe er det ikkje tillate å bruke halvautomatisk rifle med meir enn to skot i magasinet og eitt i kammeret.
  • Til jakt på gaupe er det, når det blir nytta rifle til jakt, berre tillate å bruke ammunisjon med ekspanderande prosjektil som har ein anslagsenergi på minst 980 joule (100 kgm) på 100 meters avstand. Hagle er òg tillate for felling av gaupe. Ved jakt med rifle skal skyteprøve vere avlagt inneverande jaktår med det våpenet som blir nytta.
  • Aldersgrensa for å drive gaupejakt er 18 år.
  • Fordi forvaltninga har eit direkte behov for å nyttiggjere seg data frå felte dyr, er det pålegg om å sende inn skrottar av felt gaupe til vitskapleg gransking. Jegar eller preparant pliktar å levere inn skrotten innan 1. juni. Om skrotten ikkje blir levert inn til      fristen, vil heile dyret bli inndratt til fordel for Viltfondet.

Kvotetelefon

Jerv: 71 25 85 02

Gaupe: 71 25 85 01

Bjørn/Ulv: 71 25 85 03

 

Meld frå om felling

Tlf: 9092 6016