Rovvilt

Bjørn, ulv, gaupe, jerv og kongeørn blir rekna som rovvilt. Det er eit hovudmål å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane og av kongeørn. Samtidig er det eit mål å oppretthalde eit aktivt landbruk for å utnytte beiteressursane for sau og rein i utmark. For å nå dette todelte målet må vi forvalte rovviltbestanden, samtidig som landbruket må tilpasse seg noko i kjerneområda for rovvilt.

Dette er nokre av Fylkesmannens oppgåver i forvaltninga av rovvilt:

  • tildele midlar til førebyggjande tiltak mot rovviltskadar og behandle søknader om erstatning for skadar som freda rovvilt har gjort på bufe
  • behandle søknader om båsfangst av jerv og gaupe
  • gi løyve til skadefelling av gaupe, jerv, ulv og bjørn innanfor tildelt kvote frå rovviltnemnda
  • stå for forvaltninga av kongeørn, mellom anna å vurdere søknader om skadefelling
  • vere sekretariat for den regionale rovviltnemnda, som skal sørgje for at rovdyrstammane blir forvalta slik at talet på dyr er så nær bestandsmålet i regionen som mogleg

Vis meir


09.12.2019

Lisensfelling av ulv 2019/2020

Rovviltnemnda i region 6 har opna for felling av inntil tre ulvar i Midt-Norge vinteren 2019/2020. Lisensfellingsperioden er 1. desember 2019 til 31. mai 2020.

13.11.2019

Færre søknader om rovviltskadeerstatning i Møre og Romsdal i 2019

Dei førebelse søkartala viser at færre har søkt om erstatning for rovviltskade på sau etter årets beitesesong, men at dei samla tapa ikkje har gått ned.

15.10.2019

Søknad om erstatning for rovviltskade i 2019

No kan du sende inn søknad om erstatning for rovviltskade på sau for beitesesongen 2019. Fristen er 1. november.

10.09.2019

Lisensfelling av jerv i Møre og Romsdal 2019-2020

Det kan fellast inntil 5 jervar i Møre og Romsdal i lisensfellinga som startar i dag 10. september.

19.03.2019

Endring i lisensfellinga av ulv

Klima- og miljødepartementet har den 19. mars 2019 vedtatt endringar i lisensfellingsperioden for ulv i områda utanfor ulvesona.    

08.03.2019

Gaupejakta på Nordmøre er gjenopna

Rovviltnemnda i region 6 Midt-Norge, har i møte fredag 8. mars beslutta å tildele ei gaupe frå reservekvoten til kvotejaktområda på Nordmøre med Rindal. Jakta blir stoppa når hodyrkvoten for regionen er fylt.

21.01.2019

Gaupejakt 2019

Rovviltnemnda i region 6 har fastsatt kvote for jakt på gaupe i Møre og Romsdal i 2019. Kvotejakta startar 1. februar.

13.11.2018

Endring i kvote for lisensfelling av jerv

Rovviltnemnda i region 6 beslutta i møte 26. oktober 2018 å tildele 1 jerv av reservekvoten til kvoteområde 1 i Møre og Romsdal.

13.11.2018

Auke i tap av sau til freda rovvilt

Fylkesmannen har mottatt 69 søknader om erstatning for sau og geit drept av freda rovvilt i 2018. Samla erstatningskrav er 1458 sauer og 4 geiter.

15.10.2018

Søknad om erstatning for rovviltskade i 2018

No kan du sende inn søknad om erstatning for rovviltskade på husdyr for beitesesongen 2018. Fristen er 1. november.

Fleire nyhende