Nye marine grunnkart frå Søre Sunnmøre

No føreligg svært detaljerte kart frå havbotn i kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven.

Dei marine grunnkarta gjer ei detaljert framstilling av botntype og terrengvariasjon over 800 km2 av sjøbotn i desse områda. Karta er eit resultat av eit toårig kartleggingsprosjekt finansiert av NGU, kommunane, Fylkeskommunen og fylkesmannen. Dei marine grunnkarta er ei kjelde til auka kunnskapsnivå og vil gjere arbeidet med kystsoneplanar/arealplanlegging enklare og mindre kostnadskrevjande. Samstundes vil det kunne bidra til å senke konfliktpotensialet.