Marint liv på Sunnmøre skal kartleggast med nytt system

Detaljerte djupnekart fra Sunnmøre
Detaljerte djupnekart fra Sunnmøre

Sjøområda kring Herøy, Hareid, Ulstein, Sande og Vanylven blir dei første i Noreg der ein tek i bruk eit nytt system for å kartlegge marine naturtypar. Det er dei detaljerte og tilgjengelege djupnekarta for området som ligg til grunn for kartlegginga.

Utvikling i kystsona krev god kunnskap om m.a. djupne og  botntilhøve, samt god kunnskap om det marine naturmiljøet. Auka kunnskap vil gje moglegheiter for berekraftig bruk og utvikling av kystsona og næring knytt til denne.

Området på søre Sunnmøre (Herøy, Hareid, Ulstein, Sande og Vanylven) er unikt i Noreg ved at det er kartlagt djupne- og botntilhøve med 1x1 meter oppløysing, og at data er frigjevne for allmenta. Dette gir moglegheiter til mellom anna å avlede naturtypkart utan omfattande feltarbeid. Djupnekarta finn du mellom anna på Gislink.no.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har difor, i samarbeid med nasjonal styringsgruppe ved Fiskeridirektoratet og Miljødirektoratet, teke initiativ til å starte marin naturtypekartlegging etter ny feltmetodikk, vedteken av Stortinget. Arbeidet vil gjennomførast i samarbeid med Norsk institutt for vannforskning (NIVA), Norges geologiske undersøkelse (NGU) og Havforskningsinstituttet (HI). 

Dette er eit nasjonalt pilotprosjekt, og prosjektet er avgrensa til å gjelde to år fram i tid. Det jobbast for at fleire sentrale, regionale og lokale instansar også skal kunne delta i prosjektet.

Les meir om prosjektet på forsking.no!