Kvifor kartlegge marin natur?

For å legge til rette for ei best mogleg utvikling av kysten og næringar i kystsona er det behov for detaljert kunnskap. Det kan være fakta om djupne og botntilhøve, men også kunnskap om naturmiljøet som for eksempel arter og naturtypar vi må ta ekstra omsyn til.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.02.2017

For å legge til rette for ei berekraftig og effektiv utvikling av kysten er det behov for presise fakta om mellom anna djupne, botntilhøve, kunnskap om arter og naturtypar og samanhengen mellom desse.

Som vi har omtalt tidlegare er det på Søre Sunnmøre (Herøy, Hareid, Ulstein, Sande og Vanylven) frigjevne detaljerte djupnedata med 1*1m oppløysing, noko som er unikt nasjonalt. Basert på denne kunnskapen har Fylkesmannen saman med nasjonale styresmakter og forskingsinstitusjonar teke initiativ til å utleie naturtypekart etter ny feltmetodikk vedteken av Stortinget. Dette er eit nasjonalt pilotprosjekt.

Lenke til forskarens blogg finn du på www.forskning.no.

Lenke til tidlegare nyhende på Fylkesmannens heimeside.