Plantene du ikkje vil ha

Her er artane du ikkje vil ha i hagen din. Dei spreier seg fort både innafor og utafor hagegjerdet, og kan vere vanskeleg å bli kvitt. I verste fall kan dei utrydde planter som høyrer heime i naturen i Møre og Romsdal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.07.2017

Vi kallar dei framande artar. Med det meiner vi artar som ved hjelp av mennesket har blitt innført til nye område der dei ikkje har sitt naturlege leveområde. Typisk for dei framande artane som greier å etablere seg er at dei har stor konkurranseevne, lang levetid og høg reproduksjon. Dette kan fort føre til at dei fortrenger artar som høyrer heime i området. I det vedlagte dokumentet er det skildra nokre av dei plantene som utgjer ein høg risiko for spreiing i Møre og Romsdal. Dette er artar som allereie har etablert seg på ulike stader i fylket vårt og som vi frykter vil ha ein stor negativ påverknad på det stadeigne biologiske mangfaldet. Klikk på linkane under for å sjå utbreiinga til kvar enkelt art i Møre og Romsdal. Her kan du zoome deg inn til detaljnivå.

Lær deg dei framande artane og styr unna desse når du skal kjøpe nye planter til hagen din. Og ikkje minst; ver merksam på korleis du handterer hageavfallet ditt så du ikkje bidrar til ytterlegare spreiing av dei framande artane. 

Fylkesmannen har sommaren 2017 sett i gong eit prosjekt for å kartlegge førekomstar av framande artar i fylket.  Nokre av førekomstane blir behandla allereie i år, og det vil bli sett i gong enda fleire tiltak neste år. Å utrydde alle førekomstane av framande artar i fylket er ikkje mogleg. Innsatsen vil bli retta mot artar og område der det kan vere mogleg å lukkast med å bli kvitt førekomsten.

Miljøstatus kan du lese meir om innførte artar.