Naturmangfald

(Foto: Asbjørn Børset)

Naturen skal forvaltast slik at plantar og dyr som finst naturleg i Noreg, skal sikrast i levedyktige bestandar. Vi skal også ta vare på den variasjonen som finst i naturtypar, landskap og geologi.

Alle har ansvar for naturmangfaldet

Alle typar inngrep i naturen kan true naturmangfaldet. Vi må derfor alltid vurdere konsekvensane av inngrep som for eksempel større vegar eller nye bustadområde.

Dei to viktigaste lovene for å sikre naturmangfaldet er naturmangfaldlova og plan- og bygningslova. Naturmangfaldlova pålegg styresmaktene å vurdere tiltak når naturen er trua.

Fylkesmannen er med på å sikre at leveområde, artar og naturressursar blir tekne vare på, blant anna ved å kontrollere at kommunane følgjer naturmangfaldlova, og sørgje for at kunnskap om miljøet blir lagt til grunn for kommunale avgjerder.

Trua artar og naturtypar

Meir enn 2000 plante-, sopp- og dyreartar står i fare for å bli utrydda i Noreg.  Regjeringa har peikt ut nokre av dei trua artane og naturtypane som «prioriterte artar» eller «utvalde naturtypar». Desse blir det teke særleg omsyn til i forskrifter til naturmangfaldlova. Fylkesmennene har ansvar for det faglege grunnlaget for nye handlingsplanar for trua artar og naturtypar, og for å gjennomføre tiltaka når planane er vedtekne. I mange tilfelle blir tiltaka utførte i samarbeid med grunneigarar, kommunar og foreiningar. 

Framande artar

Framande artar er plantar og dyr som ikkje høyrer naturleg heime i naturen vår. Meir reising, meir handel og eit mildare klima er nokre av årsakene til at det kjem nye framande artar til Noreg.

Det er viktig at framande artar ikkje skadar økosystema våre. Fylkesmennene deltek i arbeidet med å nedkjempe framande skadelege artar, blant anna ved å fjerne framande plantar frå verneområde og informere hageeigarar om kva for plantar dei helst ikkje bør bruke. Fylkesmannen har også oppgåver knytte til kartlegging og overvaking av framande artar.

Vis meir


21.08.2019

Meanderen, kroksjøen og flaumlaupet som forsvann

Dei slynga, bukta og kveila seg nedover dalane. Den dynamiske elva. Kvar er den blitt av?

08.08.2019

Har du slept fri ein hagerømling?

Du må passe godt på hageplantane dine. Nokre av dei kan stå på lista over planter det er forbode å innføre, omsette og sette ut. Ikkje la desse plantane stikke av frå din hage!

08.08.2019

Tilråding om vern av fire skogområde

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i samarbeid med Allskog hatt verneplanprosessar på fire skogområde gjennom ordninga frivillig vern. Sjeldan og trua natur er tilbydt vern av grunneigarar som mottek ei erstatning for tapt skogsdriftsinntekt av trevirke. I juni sendte Fylkesmannen tilråding om tre nye områder, samt utviding av eit eksisterande naturreservat, til Miljødirektoratet.

06.08.2019

Korallar i Møre og Romsdal

I media høyrer vi ofte om dei fargerike tropiske korallreva på grunt vatn. Dei siste åra har vi høyrt meir om at vi har korallar på djupt vatn på sokkelen utafor Norskekysten. At vi óg har korallar inne i fjordane våre er det sjeldnare vi høyrer om. Men dei er der!

11.07.2018

Handlingsplan mot framande planteartar

Fylkesmannen har utarbeidd ein handlingsplan mot framande, skadelege planteartar. Planen skildrar problematikken rundt framande planteartar, og kva føringar og regelverk vi har å halde oss til. Handlingsplanen sitt hovudmål er å hindre spreiing av framande planteartar.

05.09.2017

Ledig stilling som rådgivar innan naturforvaltning

Vi har ledig ei fast stilling som rådgivar innan naturforvaltning med søknadsfrist 10. september 2017.  Sjå stillingsannonsa her!

07.02.2017

Kvifor kartlegge marin natur?

For å legge til rette for ei best mogleg utvikling av kysten og næringar i kystsona er det behov for detaljert kunnskap. Det kan være fakta om djupne og botntilhøve, men også kunnskap om naturmiljøet som for eksempel arter og naturtypar vi må ta ekstra omsyn til.

31.01.2017

Marint liv på Sunnmøre skal kartleggast med nytt system

Sjøområda kring Herøy, Hareid, Ulstein, Sande og Vanylven blir dei første i Noreg der ein tek i bruk eit nytt system for å kartlegge marine naturtypar. Det er dei detaljerte og tilgjengelege djupnekarta for området som ligg til grunn for kartlegginga.

17.06.2016

No skal rynkerosa bort!

Fylkesmannen har starta uttak av den svartelista arten rynkerose i Fræna, Midsund, Molde og Surnadal. Rynkerosa spreier seg langs strender i heile fylket, og trugar den stadeigne vegetasjonen på strandengene. I tillegg skaper rynkerosa problem for friluftslivet og hindrar utsikta.

13.06.2016

Nye marine grunnkart frå Søre Sunnmøre

No føreligg svært detaljerte kart frå havbotn i kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven.

Fleire nyhende