Ambisiøse klimaplanar på Nordmøre

I åra som kjem vil kommunane på Nordmøre jobbe aktivt for å innføre klimavenlege tiltak. No skal elsykkel, elbiler og hus av tre verte det naturlege valet for kommunane, og for folk flest.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.09.2020 av Administrator

Denne veka har kommunane på Nordmøre hatt ei nettverksamling for å snakke om klimaperspektiva i samfunnsdelen i kommuneplanane.

– Hovudmålet var å sikre ei god retning på klimaarbeidet. Vi ønska å samle personar frå ulike sektorar i kommunen rundt same bord, og få satt søkelys på klimautfordringane som må løysast i kommunane dei kommande åra, fortel Anne Melbø, klimakoordinator hos Fylkesmannen. Ho leda det digitale møte med kommunane 8. september. 

Hårete klimamål

Sju kommunar på Nordmøre, fylkeskommunen og fylkesmannen var med på nettverkssamlinga, som føregjekk delvis digitalt, og delvis på møterom rundt omkring i kommunane. Midt i samlinga, hadde kommunane eit par timars arbeidstid der dei mellom anna skulle vurdere kva som er klimautfordringar og gode klimamål i eigne kommunar.

– I gjennomgangen i slutten av møtet kom det fram at fleire kommunar meiner at handlingskampanjar er mykje meir nyttige enn haldningskampanjar, fortel Melbø.

Ho trekk fram eksemplar på handlingskampanjar: Fiksefester, der ein får hjelp til å reparere ulike ting, utlån av elsyklar, elbilar og elektriske anleggsmaskiner, klimavennlege innkjøp i kommunen, gå- og sykleaksjonar og marknader for lokal mat.

– Elles er det ofte enklare å gjere endringar i kommunen sine eigne einingar, heller enn ute i lokalsamfunnet. Her er kommunane på Nordmøre godt i gong med klimarekneskap for alle sine tenester. Dette vil gje grunnlag for å redusere utsleppa for drifta av kommunane i åra som kjem. Grepa som gjerast internt i kommunen vil kunne smitte over på dei tilsette og på folka i kommunen, seier Melbø.

Snu i tide

Melbø meiner at dei fire neste åra vil vere heilt avgjerande for om vi klarer å snu utviklinga i tide.

– Planane som utarbeidast no legg grunnlag for kommande klimagassutslepp i lang tid framover. Om vi ikkje klarer å snu utviklinga med utslepp av klimagassar i løpet av dei neste åra, står vi i fare for at den globale oppvarminga kjem heilt ut av kontroll, seier Melbø.

Nettverksmøtet skulle gi ei auka bevisstheit ute i kommunane om klima som del av planarbeidet.

– Engasjementet på møtet var godt, og no er kommunane enda betre rusta til å få med klima som eit gjennomgåande tema i sine planer, seier klimakoordinatoren.

Innbyggarane og politikarane er bøygen

Ho trur at den største utfordringa i klimaarbeidet er å få til smarte løysingar og realisere desse på ein måte som blir godtatt av innbyggarane og politikarane.

– Dei fleste menneske er svært skeptisk til endringar. Dei vil gjere som dei alltid har gjort. Og; politikarane vil ikkje vedta noko som er upopulært hjå fleirtalet. Dette gjeld både når det kjem til klimatilpassing og når det gjeld å kutte klimagassutslepp, fortel Melbø.

Ho trekk fram eit døme på at når nokon ynskjer å bygge ut i eit område som vil bli råka av havnivåstigninga eller auka flaumfare, så kan det vere vanskeleg for politikarane å si nei, sjølv om det er lett å vere einig i dei fine intensjonane i kommuneplanen.

– På same måte kan både politikarar og innbyggarane vere einige i at ein må kutte klimagassutslepp, men vil kanskje ikkje gå med på at kommunen gjer det vanskelegare å nytte bilen og premierar dei som nyttar gong og sykkel, seier ho.

Må løysast i fellesskap

Nettverksmøtet samla både planfolk, miljørådgjevarar, kommuneleiing og nokre politikarar. Dei fekk sitte rundt same bord og diskutere temaet.

– Berre det at dei var samla slik er svært verdifullt i seg sjølv. Klimautfordringane må løysast i fellesskap. Det er ingen nytte i at ein person med mykje miljøkompetanse sit og lagar gode planer, dersom resten av kommunen ikkje er med på laget, seier Melbø.

Ho meiner at ein må gjere smarte endringar i alle kommunens sektorar dersom ein skal klare å løyse klimaproblema.

– Då er det kommunale planverket eit kjempegodt verktøy. Om ein får gitt ei god retning på arbeidet med klimaomstilling i samfunnsdelen, vil dette forgreine seg ned i alle dei andre relevante planane og oppgåvene som skal løysast i kommunen, seier Melbø.

Ho håper også at møtet har vore med på å styrke samarbeidet mellom kommunane, fylkeskommunen og Fylkesmannen.

Nordmøre i spissen

Anne Melbø rosar klimanettverket og plansamarbeidet på Nordmøre for ideen til nettverksmøtet.

– Kommunane på Nordmøre ligg først i løypa. Dei er alle ferdig med planstrategien lenge før fristen, og er kome godt i gang med å utarbeide kommuneplanens samfunnsdel, seier ho.

Kommuneplan

Kvart fjerde år, etter kommunevalet, skal kommunane sjå gjennom alle planane sine.

Eit kommunalt planverk seier korleis kommunen skal utvikle seg, og korleis ein skal få til ein ynskja utvikling. Kommunal planstrategi skal vere vedtatt innan eit år etter at det nye kommunestyret vert konstituert. Her skal det komme tydeleg frem kva slags planarbeid kommunen bør starte opp eller vidareføre.

Samfunnsdelen er kommunen sin viktigaste overordna plan. Denne må ha ei klar retning og tydlege satsingsområde. Kommunal planstrategi gir ein nyttig oversikt. Her får ein oversikt over status, utviklingstrekk og utfordringar på viktige samfunnsområde.