Innspel til klimaarbeid på Sunnmøre

Bor du på Sunnmøre, kan du no enkelt vere med å forme korleis framtida der skal sjå ut. Har det blitt lettare å reise kollektivt, eller er det etablert bildelingsordningar og system for samkøyring? Kan ein lade elbilen på ferja eller mens ein står i ferjekø? Et alle meir lokalprodusert mat?

Har du ei meining om korleis framtida skal sjå ut, er det veldig viktig at du deler den!

Innbyggjarane i kommunane Stranda, Fjord, Sykkylven, Sande, Vanylven, Hareid, Ulsteinvik, Ørsta, Giske , Sula og Volda har no moglegheit til å påverke framtida på Sunnmøre. Gjennom samarbeidet i klimanettverket for kommunane på Sunnmøre, er det lagt ut ei webbasert spørjeundersøking der ein kan svare på spørsmål og kome med forslag til tiltak som kommunane bør satse på. Alt ein treng å gjere er å gå inn på lenka til undersøkinga. Denne ligg til høgre på denne sida.

Sunnmøre regionråd står bak undersøkinga. Dei vil hjelpe kommunane i klimanettverket med å analysere og systematisere svara, slik at kommunane kan nytte informasjonen inn i arbeidet med å forme nye klima- og energiplanar. Dette blir kanskje dei viktigaste planane for å forme framtida. Klarer vi ikkje å snu utviklinga med utslepp av klimagassar i løpet av dei neste åra, står vi i fare for at det skjer sjølvforsterkande prosessar i naturen som gjer at den globale oppvarminga kjem heilt ut av kontroll.

Har du ei meining om korleis framtida skal sjå ut, er det veldig viktig at du deler den!

Undersøkinga vil ligge ute fram til 31. august 2020.