Næringsmiddelaksjonen 2018

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i haust delteke i ein landsomfattande aksjon retta mot næringsmiddelindustri.

I Møre og Romsdal har vi utført 6 kontrollar på slakteri og lakseslakteri.

Slakteria har alle eigne løyve frå Fylkesmannen, medan lakseslakteria enten kan ha eigne løyve (dei største) eller vere forskriftsregulert via forureiningsforskriftas kapittel 26.

Det var stor skilnad i storleik hjå dei kontrollerte verksemdene, som hadde alt ifrå under 10 tilsette til over 200 tilsette. Det var og stor skilnad i manglane. Eit par av verksemdene hadde god kontroll, medan andre hadde liten kontroll på utsleppa sine og regelverket. Mengda avvik gjer ikkje noko riktig bilde av tilstanden, då nokre avvik er veldig omfattande medan andre er av mindre karakter. Fleire av verksemdene vil trenge oppfølgande tilsyn, og Fylkesmannen vil og besøke fleire verksemder innan same bransjar i tida som kjem.

Nokre funn:

  • 5 av dei 6 besøkte verksemdene hadde manglar rundt lagring og/eller deklarering av farleg avfall.
  • 4 av verksemdene hadde ikkje måleprogram, eller hadde manglar i måleprogrammet for utsleppa sine.
  • Halvparten av anlegga (3) hadde ikkje installert feittavskiljar

Inspeksjonsrapportane frå i år og rettleiarar frå Miljødirektoratet med krav til næringa, kan lastast ned via lenkjer til høgre på denne sida.

Løyva og rapportar frå tidlegare tilsyn hjå verksemder med løyve (ikkje forskriftsregulerte) finn du på www.norskeutslipp.no.