Fylkesmannen fører tilsyn hos landbaserte oppdrettsanlegg

Illustrasjonsfoto av settefiskanlegg. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.
Illustrasjonsfoto av settefiskanlegg. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2018 kontrollert 12 landbaserte oppdrettsanlegg (av totalt 30 i fylket). Hensikta med kontrollane er å sjå til at krav i forureiningslova med tilhøyrande forskrifter og løyve vert etterlevd.

Av dei 12 anlegga som har vore besøkt er 9 settefiskanlegg for laks, eit matfiskanlegg for kveite, eit rognkjeksanlegg, samt eit stamfiskanlegg.

Hovudtema for kontrollane er anlegga sin verknad på det ytre miljø. Sentralt i dette er reinsinga av avlaupsvatnet, kjennskap til kva dei slepp ut, og korleis dette påverkar miljøtilhøva i sjøen. Alle anlegga har utslepp til sjø, og dei fleste anlegga (9) har krav om reinsing av avlaupsvatnet. Av dei 3 anlegga som ikkje har reinsekrav, har 2 veldig gamle utsleppsløyve, medan det siste ikkje fôrar fisken (stamfiskanlegg). Andre tema som er kontrollert er miljørisikovurdering, avlaupsplassering, kjemikalielagring og avfallshandtering.

Alle anlegga har utsleppsløyve frå Fylkesmannen, men nokre av desse er frå heilt tilbake på 90-talet. Det er av den grunn skilnader i vilkåra mellom dei ulike anlegga. Fylkesmannen vil no i etterkant oppdatere fleire av løyva, slik at vilkåra følgjer dagens standard. Dette vil gje betre tryggleik for miljøet og fremje likebehandling mellom anlegga.

Fylkesmannen ser alvorleg på at anlegga har så lite fokus på korleis dei påverkar resipienten sin. Nær halvparten av anlegga reinsar ikkje avlaupet sitt, dei veit ikkje kva dei slepp ut, og utsleppspunktet sikrar ikkje best mogleg innblanding i sjøvatnet.

Tabellen under viser nokre av punkta det vart gitt avvik på, og kor mange anlegg som fekk avvik innanfor dei aktuelle tema.

Avvik

Anlegg med brot (av totalt 12)

Reinsar ikkje avlaupsvatnet

5

Plassering av avlaupsleidning ikkje i tråd med løyvet

6

Manglande måleprogram for utslepp til vatn

5

Manglande risikovurdering

4

Farleg avfall deklarerast ikkje

3

Miljøundersøkingar er ikkje utført

2

 

Vi vonar å ha inspisert dei resterande landbaserte anleggja i fylket i løpet av 2019.

Rapportar frå kontrollane (og utsleppsløyva) er tilgjengeleg på nettstaden www.norskeutslipp.no.

Utslepp i dagen

Avlaupsleiing med utslepp i dagen gjev dårleg innblanding i vatnmassane, og ein får mellom anna oppblomstring av grønnalgar. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.