Tilsynsaksjon mot vaskeri- og reinseribransjen

Fylkesmannen i Møre og Romsdal deltek i september 2015 i ein landsomfattande tilsynsaksjon retta mot vaskeri og reinseri. Aksjonen er i samarbeid med andre fylkesmenn og Miljødirektoratet, og i Møre og Romsdal planleggjast det å besøke rundt 15 verksemder.

Aksjonens formål er å kontrollere at kjemikaliar og farleg avfall handsamast og lagrast forsvarleg, og at farleg avfall leverast til godkjend mottak. Dette for å hindre at miljøfarlege stoff slepp ut i vatn eller forureinar grunnen. Det undersøkast også om verksemdene arbeider med å skiftet ut produkt med helse- eller miljøfarlege eigenskapar med mindre farlege produkt.