Tilsynsaksjon for plastvareprodusentar

Plastgranulat smeltast om til forskjellige plastprodukt.
Plastgranulat smeltast om til forskjellige plastprodukt.

Miljødirektoratet og fylkesmennene gjennomførte vinteren 2016/2017 ein tilsynsaksjon retta mot plastvareprodusentar. Aksjonen hadde som formål å:

  • kontrollere etterleving av regelverket innan bransjen.
  • auke verksemdenes kunnskap om lovverket, og konsekvensane for miljøet
  • få ei god oversikt over bransjen

På landsbasis vart 107 verksemder kontrollert i løpet av aksjonsperioden og Fylkesmannen i Møre og Romsdal stod for 13 av desse kontrollane.

Dei kontrollerte verksemdene varierte i størrelse, tal på tilsette, kompleksitet i produksjonen og utfordringar knytt til miljøpåverknad. Den største skilnaden finne ein mellom dei som produserer plastprodukt og dei som støyper produkt i glasfiber- og kompositt.

Dei vanlegaste avvika som blei funne hos plastverksemdene var innan tema:

  • kjemikaliar (manglande substitusjonsvurdering)
  • farleg avfall (manglande deklarering, levering til godkjent mottak, lagring)
  • risikovurdering (manglande skriftlege risikovurderingar)
  • avviksbehandling (manglande avviksbehandling av hendingar innan ytre miljø)

Til høgre på denne sida finn du lenkjer til den nasjonale oppsummeringa av aksjonen, eit faktaark om plastbaserte produkt og rapportar frå aksjonen.

Utandørs lagring av glasfiberprodukt med spreiing av glasfibertrådar i naturen

Utandørs lagring av glasfiberprodukt med spreiing av glasfibertrådar i naturen

Glassfiberproduksjon. (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

Utandørs lagring av glasfiberprodukt med spreiing av glasfibertrådar i naturen

Utandørs lagring av glasfiberprodukt med spreiing av glasfibertrådar i naturen

Utandørs lagring av glasfiberprodukt med spreiing av glasfibertrådar i naturen. (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

Lagring av kjemikalier på oppsamlingsrist

Lagring av kjemikalier på oppsamlingsrist

Lagring av kjemikalier på oppsamlingsrist. (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)