Fylkesmannen fører tilsyn med oppdrettsanlegg

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har så langt i 2016 og 2017 kontrollert 37 oppdrettsanlegg fordelt på 8 ulike oppdrettsselskap. Hensikten med kontrollane er å sjå til at krav i forureiningslova med tilhøyrande forskrifter og løyve blir etterlevd. Fylkesmannen nyttar óg kontrollane til å informere om miljørisiko knytta til drift av oppdrettsanlegg. 

Hovudtema for kontrollane er anlegga sin verknad på det ytre miljø. Sentralt i dette er resipientundersøkingane som blir utførd for å måle i kor stor grad anlegga verkar inn på sjøbotnen og korleis oppdrettsselskapa utfører og vurderer desse. Utslepp, kjemikalienbruk og handtering og avfallshandtering er andre tema som er kontrollert.  

Oppdrettsselskapa skal gjennom eigen internkontroll vurdere miljørisiko ved sine aktivitetar. Dei skal sette seg miljømål og ha system som sikrer at avvik vert avdekt og at dei held seg innanfor det som er tillate.

Kontrollane i 2017 er ein del av ein landsdekkande aksjon og ei oppsummering av denne aksjonen vil komme når den er avslutta. Rapportar frå kontrollane er tilgjengeleg på nettstaden www.norskeutslipp.no.

 Utslepp av kopar frå nøtene kan utgjere ein alvorleg miljørisiko.

Avfall skal ikkje lagrast slik at det kan komme på avveie som følge av vind, bølger eller anna. Verksemder som held til ved sjøen har ei viktig rolle i å redusere den marine forsøplinga.

Lagring av farlege stoff på ein måte som reduserer risiko for utslepp.

Lagring av farlege stoff på ein måte som reduserer risiko for utslepp.

Farlege kjemikaliar og avfall skal lagrast slik at risiko for utslepp blir redusert mest mogleg.