Skipsverft og mekanisk overflatebehandling av metallkonstruksjonar

Dette er ei informasjonsside for føretak som driv «mekanisk overflatebehandling og vedlikehold av metallkonstruksjoner» og fell inn under kap. 29 i forureiningsforskrifta. På denne sida er det samla relevant informasjon og dokument knytt til denne forskrifta. Det er Statsforvaltaren som er forureiningsmyndigheit for denne bransjen. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 12.06.2017

Februar 2016: Rettleiar og faktaark 

Eit faktaark laga for verksemder som driv mekanisk overflatebehandling er tilgjengeleg på Miljødirektoratet sine sider. Faktaarket er i hovudsak retta mot skipsverft. Det same gjeld ein meir utfyllande rettleiar til Fylkesmannen, med råd frå direktoratet om kva som krevast for å overhalde krava i forskrifta. Du finn lenker til begge dokumenta til høgre på sida. 


Melding til Statsforvaltaren

Ingen må ha, gjere eller sette i verk noko som kan medføre fare for forureining med mindre ein har løyve frå forureiningsmyndigheitene eller driv innanfor forskrift gitt for visse verksemder. For å kunne drive aktivitet som fell inn under forureingsforskrifta kapittel 29, så skal Statsforvaltaren ha ei melding om dette. Lenke til meldingsskjema finn du til høgre på sida. Skjemaet skal sendast til

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal

Postboks 2520, 6404 Molde

E-post: sfmrpost@statsforvalteren.no