Mudring, dumping og utfylling

Mudring, dumping og utfylling er tiltak som kan påverke det akvatiske miljøet. Påverknaden vil avhenge av massanes natur og eventuelle forureiningsgrad, og av tiltakets storleik, lokalisering og tidsperiode. Ofte medfører slike tiltak ein betydeleg risiko for at forureina sediment virvlast opp og spreiast. 

Mudring er definert som ein kvar forsettleg flytting/fjerning av massar frå sjøbotnen med unntak av massar som virvlast opp som følgje av normale aktivitetar som skipstrafikk. All mudring og dumping er i utgangspunktet forbode, men du kan søke Fylkesmannen om løyve, jf. forureiningsforskrifta § 22-6.

Utfylling i sjø er ikkje regulert av forureiningsforskrifta, men treng løyve etter forureiningslova § 11 dersom det er grunn til å tro at sjøbotnen i tiltaksområdet er forureina. Dersom eit område, til dømes ei småbåthamn, har vore trafikkert med båtar i lang tid, er det sannsynleg at sjøbotnen er forureina.

Dersom du skal søkje om løyve til desse aktivitetane må du fylle ut søknadsskjemaet vårt, som du finn i ei lenke til høgre på denne sida. Der finn du og rettleiar til søknadsskjemaet. Til høgre på sida finn du også kontaktinformasjon, eit skjema som viser saksgongen, og relevante rettleiarar frå Miljødirektoratet. Det er også ei lenke til Regelhjelp.no sin side om eingongstiltak og til sider med meir generell informasjon om forureina sjøbotn.

Data om miljøgifter i sjøbotn skal registrerast i nasjonal database

Miljømyndigheitene arbeider både nasjonalt og regionalt for at vi skal få reinare og tryggare fjordar og sjøområde. Data om miljøgifter i sjøbotnen er viktig informasjon om tilstand og utvikling. For å halde oversikt over miljøtilstanden og gjere data tilgjengeleg for allmenta, ønskjer vi at alle målingar av miljøgiftnivå skal registrerast i den nasjonale databasen Vannmiljø. Alle som utførar tiltak der det gjerast slike målingar kan bidra til auka kunnskap ved at målingane blir registrert i databasen.

Dersom du søkjer om løyve til mudring, dumping eller utfylling, og det gjerast målingar av miljøgifter i sjøbotnen i tilknyting til tiltaket, vil det i løyvet frå Fylkesmannen bli satt eit vilkår om at målingane blir registrert databasen Vannmiljø. Samstundes kan du du sjekke om det alt er registrert miljøgifter i området i databasen. Databasen er opent tilgjengeleg for alle og du finn lenke til høgre på sida.