Mellombels anleggsarbeid

Mellombels anleggsarbeid treng som oftast ikkje løyve frå Fylkesmannen, men som utbyggar eller tiltakshavar har du ansvar for å sikre at sjø og vassdrag ikkje blir skadelidande av ditt anleggsarbeid. På denne sida finn du informasjon om korleis du sikrar at det blir tatt omsyn til miljøet i store og små utbyggingsprosjekt.

Det er stor utbyggingsaktivitet i Møre og Romsdal. Samtidig har fylket mange sårbare og verdifulle vatn og vassdrag. Fylkesmannen er forureiningsmyndigheit for mellombels anleggsarbeid. Vi vurderer søknader etter forureiningslova og kan komme på tilsyn på anleggsplassen. Her kan du finne informasjon om (du kan lese frå toppen eller hoppe til eit tema ved å klikke på lenkene):

Slik påverkar anleggsarbeid miljøet
Når må du søke Fylkesmannen om løyve?
Rettleiande utsleppsgrenser for suspendert stoff
Dette seier regelverket
Forureina grunn
Kontakt alltid kommunen
Fylkesmannen kan komme på tilsyn

Slik påverkar anleggsarbeid miljøet

Mellombels anleggsarbeid kan være alt frå boring av energibrønn ved ein husstand til store omfattande prosjekt som veg og jernbane. Arbeidet kan føre til stor skade på miljøet ved at store mengder partiklar/slam finn vegen til sjø og vassdrag. Partiklar og slam legg seg på botnen og fører til at oksygentilhøva blir dårlege. Dette er svært skadeleg for blant anna fisk og botndyr, og kan for eksempel føre til fiskedød dersom utsleppet skjer om hausten under gyting. Anleggsvatn vil også kunne ha høgt innhald av tungmetall, høg pH og løyst nitrogen.

Når må du søke Fylkesmannen om løyve?

Det er risikoen for at forureininga er av et slikt omfang at den vil kunne føre til skade på vassdrag og sjø som er avgjerande for om det må søkast løyve hos Fylkesmannen. For å finne ut om eit tiltak vil påverke vassdraget og redusere miljøtilstanden i anleggsfasen, skal det alltid utarbeidast ei miljørisikovurdering og eit miljøoppfølgingsprogram. Her kjem ei forklaring:

Miljørisikovurdering

Utbyggjar er ansvarleg for at det alltid blir gjennomført ei miljørisikovurdering. I ei miljørisikovurdering er hovudpoenget å skaffe ein grundig oversikt over alle moglege aktivitetar eller hendingar som kan føre til forureining eller miljøskade. I tillegg skal ei miljørisikovurdering gje ei grundig oversikt over samansetning av forureinande stoff i anleggsvatnet og sårbarheita i resipienten for denne typen påverknad. Kor omfattande eit slikt arbeid må vere, er avhengig av størrelsen på utsleppet og faren for forureining.

Miljøoppfølgingsprogram

På bakgrunn av miljørisikovurderinga skal utbyggar lage eit miljøoppfølgingsprogram. Programmet skildrar tiltak som skal setjast i verk for å redusere forureininga. Det tek omsyn til økologien i vassdraget og må utarbeidast av kompetente fagpersonar. Kor omfattande eit slikt program skal vere, er igjen avhengig av storleiken på utsleppet og faren for forureining.

Eksempel på hovudpunkt i eit miljøoppfølgingsprogram:

  • Oversikt over relevant lovverk
  • Forundersøking: oversikt over tilstanden i resipienten inkludert økologiske tilhøve
  • Kart med oversikt over utsleppspunkt
  • Skildring av reinsesystem som skal etablerast: oppbygging, dimensjonering, forventa reinseeffekt og rutinar for drift og vedlikehald
  • Beredskapsplan ved akutte hendingar og eit avvikssystem. Større avvik må rapporterast til forureiningsmyndigheita.
  • Skildring av vassovervakingsprogram. Programmet må tilpassast resipienten og storleiken på anleggsarbeidet.
  • Plan for handtering av eventuelle massar som blir tatt ut frå anleggsplassen
  • Eventuelle støyvurderingar

Når miljørisikovurderinga er gjort og miljøoppfølgingsprogrammet laga, har utbyggar grunnlag for å vurdere om det må søkast om løyve frå Fylkesmannen.

Rettleiande utsleppsgrenser for suspendert stoff

Målet i arbeidet med utslepp til vatn frå anleggsverksemd er å hindre nedslamming av elver og bekkar. Kor mykje eit vassdrag tåler, avheng av fleire faktorar, som økologi og eventuelle sårbare artar, vassføring og vasstype. Det må derfor alltid gjerast ei grundig undersøking av resipienten for å slå fast vassdraget si tålegrense for partikkelutslepp. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har satt følgjande rettleiande grense for tilførsel av suspendert stoff, men understrekar at dette er svært resipientavhengig og må vurderast i kvart enkelt høve i samband med miljørisikovurderinga:

Sårbare vassdrag: maksimalt 100 mg/1 SS*
Meir robuste vassdrag og sjøresipient: maksimalt 400 mg/1 SS*
*) SS = suspendert stoff (materiale som ikkje er oppløyst i vatn)

I Møre og Romsdal reknar ein stort sett alle ferskvassførekomstar som sårbare. Reduksjon av partikkelinnhaldet i utsleppet vil også få ein positiv effekt ved at konsentrasjonen av moglege miljøgifter blir redusert sidan desse stort sett er bundne til partiklar. Vidare er det også viktig å ha kontroll på pH i anleggsvatnet sidan nokre prosessar kan føre til svingingar i pH. Eksempel er kalkstabilisering og betongarbeid. Blir det utført sprenging i samband med anleggsarbeidet, kan dette føre til auka verdiar av ammoniumnitrat frå sprengstoffrestar.

Dette seier regelverket

Det er forbode å forureine, men i forureiningslova finst det nokre unntak frå det generelle forbodet. Mellombels anleggsarbeid er eit av desse områda der det er sagt at forureining opp til ein viss terskel er tillate. Bygge- og anleggsverksemd som berre er mellombels, dvs. at den varier i maksimalt 2-3 år, er dermed lovleg etter forureiningslova så lenge forureininga kan reknast som vanleg (at den er normal når det gjeld art og omfang) (forureiningslova § 8 første ledd nr. 3).

Miljørisikovurdering og miljøoppfølgingsprogram gjev som nemnt grunnlag for ei slik vurdering etter forureiningslova. Ved store utbyggingsprosjekt kan Fylkesmannen kontaktast for ei vurdering av om det er behov for løyve etter forureiningslova.

Det er som nemnt den ansvarlige for anleggsarbeidet sitt ansvar å sikre at ikkje utslepp frå anleggsarbeidet fører til uakseptabel skade på sjø og vassdrag. Det alltid gjerast ei vurdering av om tiltaket fører til behov for å søke Fylkesmannen om løyve. Fylkesmannen vil gjennom eit eventuelt løyve etter forureiningslova pålegge utbyggar å gjennomføre miljøtiltak i samband med anleggsarbeidet.

Forureina grunn

Ved graving i forureina grunn må det utarbeidast ein tiltaksplan etter forureiningsforskrifta kapittel 2. Tiltaksplanen skal godkjennast av kommunen, og kommunen kan stille krav til anleggsvatnet i desse sakene. Handsaming av forureina anleggsvatn skal derfor vere med i tiltaksplanar for forureina grunn. Ta kontakt med kommunen for meir informasjon om dette.

Les meir på miljøkommune.no: Forureina grunn i bygge- og gravesaker

Kontakt alltid kommunen!

For påslepp til overvassnett og/eller avløpsnett må det i tillegg innhentast løyve frå kommunen for bruk av det offentlege leidningsnettet. Som eigar kan kommunen stille krav for å beskytte sine leidningsnett og reinseanlegg.

Tilsyn

Som forureiningsmyndigheit for mellombels anleggsverksemd utfører Fylkesmannen jamleg tilsyn på anleggsplassar.

Fylkesmannen skal alltid kontaktast dersom det i anleggsfasen skjer større uhell som fører til utslepp til sjø eller vassdrag.

Forureina grunn

Mange stader i Noreg er det forhøgde konsentrasjonar av miljøgifter i jorda, ofte på grunn av gamle utslepp frå industri eller gamle avfallsfyllingar. Miljømyndigheitene jobbar både med å hindre ny tilførsel av miljøgifter og med å sørge for at det blir rydda opp i gamal forureining. Målet er å stanse eller vesentleg redusere spreiing av miljøgifter.

Inngrep i forureina grunn krev løyve frå myndigheitene, og er regulert i forureiningsforskrifta kapittel 2. I dei fleste slike sakar er det kommunen som er myndigheit. I nokre tilfelle, som oppryddingstiltak ved skipsverft og i tilknyting til oppryddingsprosjektet i Ålesund hamn er det Fylkesmannen som er myndigheit.

For meir informasjon, sjå Miljøstatus eller temasidene til Miljødirektoratet.