Tine Meieriet Elnesvågen får endra løyve

TINE Meieriet Elnesvågen har 03.07.2020 fått innvilga endring av sitt utsleppsløyve etter forureiningslova frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal for sitt anlegg i Hustadvika kommune.

Løyvet blei endra ved at meieriet fekk forlenga frist på å ferdigstelle sitt nye reinseanlegg til 01.09.21. Løyvet er uendra utover dette og regulerer mellom anna utslepp til vatn, luft og har krav til målingar av utslepp og rapportering til forureiningsmyndigheitene.

Endra løyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida. Ytterlegare innsyn i saksdokumenta kan ein få ved å kontakte Fylkesmannen i Møre og Romsdal (eller TINE Meieriet Elnesvågen). Vedtaket om løyve kan klagast inn for Miljødirektoratet innan 3 veker. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Kontaktpersonar

Dokument