Mellombels endring i løyve for Hjelvik Matfisk AS ved landbasert oppdrettsanlegg for laks, aure og regnbogeaure

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 14.08.19 mellombels endra løyve etter forureiningslova for Hjelvik Matfisk AS ved landbasert oppdrettsanlegg for laks, aure og regnbogeaure på lokaliteten Hjelvik II.

Hjelvik Matfisk AS fekk først eit krav til reinsegrad på 70 % reduksjon av suspendert stoff (SS) og 60 % reduksjon av organisk stoff målt i BOF5. Desse krava var berekna på tall frå deira tidigare leverandør av avløpsreinsing. Anleggets utbyggar, Norconsult AS, meinte desse krava var for strenge og søkte om lemping av krava. Fylkesmannen har endra krava til gjennomsnittleg reduksjon av 64 % SS og 40 % organisk stoff målt i BOF5. Endringa gjeld i fem år.

Vedtak med løyve kan lesast via lenka som ligg under relaterte dokument på høgre del av denne sida.

Kontaktpersonar

Dokument