Løyve til Vartdal Plastindustri AS

Vartdal Plastindustri AS har 02.07.2020 fått løyve frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal for sitt anlegg for mottak av avfall på Liadal i Ørsta kommune.

Løyvet gjeld kverning og komprimering av EPS-plast og er basert på ei årleg behandling av inntil 2000 tonn EPS-plast pr. år. Løyvet regulerer mellom anna krav til mottaket, kva for avfallstypar som kan takast imot og lagringstid for avfall.

Vedtak med løyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida. For ytterlegare innsyn i saksdokumenta kan Fylkesmannen i Møre og Romsdal kontaktast.

Vedtaket om løyve kan klagast inn for Miljødirektoratet innan 3 veker. Ein eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, postboks 2520, 6404 Molde, eller til fmmrpostmottak@fylkesmannen.no innan 24.07.2020.