Løyve til utfylling ved Molde ferjekai

Statens vegvesen får løyve etter forureiningslova til å fylle ut med massar i sjøen for å vedlikehalde kaia og hindre utvasking og undergraving.

Det skal fyllast ut med om lag 3000-5000 m3 massar over eit areal på om lag 2200 m2 på sjøbotnen. Tiltaket er planlagt utført på om lag 10 dagar i perioden november-desember 2019.

Vedtak med løyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Kontaktpersonar