Løyve til tiltak ved Follsjødammen

Statkraft Energi AS får løyve til utslepp i tilknyting til arbeid med tunnel og kanal for flaumvatn ved Follsjødammen på grensa mellom kommunane Surnadal og Rindal.

Vatnet frå anleggsarbeidet skal reinsast og så pumpast tilbake til Follsjømagasinet for ekstra fortynning før det sleppast ut i elva Folla. Prøvetaking av olje og suspendert stoff skal gjerast minst ein gong i veka og pH skal loggast kontinuerleg. Konsentrasjonen av olje må ikkje vere høgare enn 10 mg/l, konsentrasjonen av suspendert stoff må ikkje vere høgare enn 200 mg/l, og pH-verdien må vere >6, <8,5.

Tiltaka er planlagt utført i perioden 2023-2024.

Vedtak med løyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Kontaktpersonar