Løyve til tiltak i sjø ved Halsa og Kanestraum ferjekaier

Statens vegvesen fekk 16.08.2019 løyve til tiltak i sjø ved ferjekaiene ved Kanestraum og Halsa i Tingvoll og Halsa kommuner.

Ved Kanestraum skal det byggast ny dobbeltpir. Arbeidet omfattar mudring og sprenging for å fjerne massar fra sjøbotnen, slik at djupna ved kaia vert tilstrekkelig stor. Det skal også plastrast og sikrast mot erosjon.

Ved Halsa skal eksisterande plastring erstattast. Det skal også rivast betongkonstruksjon tilhøyrande gamal kai.

Det skal gjerast avbøtande tiltak under arbeidet for å redusere påverknaden på naturverdiane i området. Arbeidet skal utførast i perioden 2019-2020.

Vedtak med løyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Kontaktpersonar