Løyve til masselager på Øye i Norddal

Statens vegvesen får løyve etter forureiningslova til utslepp i tilknyting til lager for steinmassar ved Øye.

Det er óg gjort endringar på løyvet til masselager ved Berge og drift av tunnel ved FV63 Korsmyra-Indreeide. Endringa gjeld handsaming av plastavfall frå sprengsteinen.

Ved Øye skal det deponerast om lag 260 000 m3 steinmassar, og i tillegg skal det nyttast om lag 30 000 m3 til ei støttefylling i nærleiken.

Ved Berge skal det deponerast om lag 232 000 m3 steinmassar.

Vedtaka med løyve kan lastast ned via lenkjene til høgre på denne sida.