Hofseth Aqua AS får løyve til oppdrettsanlegg for laks, aure og regnbogeaure

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har den 18.06.2020 gitt løyve etter forureiningslova til Hofseth Aqua AS.

Løyvet gjeld eit flytande oppdrettsanlegg for laks, aure og regnbogeaure på lokaliteten 12839 Vindsneset i Fjord kommune.

Det vart søkt om endring i maksimalt tillat biomasse (MTB) frå 3120 tonn til 3900 tonn og det eksisterande stålanlegget bytast ut med plastringar.

Hofseth Aqua AS jobbar med å endre plasseringane av anlegga sine i Storfjorden, for å betre område- og miljøbelastning, smitteforebygging, fiskehelse og dyrevelferd. Hofseth Aqua planlegg å avvikle tre av anlegga sine, slik at total MTB i Storfjorden ikkje aukar.

Møre og Romsdal fylkeskommune har opplyst om at Hofseth Aqua har sendt inn melding om å trekke tre lokalitetar. Om det vert gitt løyve til endring på 12839 Vindsnes vil 20315 Overåneset Vest trekkast inn vår 2022. For at omstruktureringa skal la seg utføre i praksis vil lokalitetane trekkast inn etter at fisken som står der no er ferdig produsert.

Vedtak med løyve kan lesast via lenka som ligg under relaterte dokument på høgre del av denne sida.

Kontaktpersonar