Fylkesmannen i Trøndelag får løyve til mudring ved Hammervatnet i Levanger kommune

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har som settefylkesmann handsama ein søknad frå Fylkesmannen i Trøndelag om skjøtseltiltak i Hammervatnet naturreservat som omfatter mudring.

Fylkesmannen i Trøndelag får løyve til å mudre for å opne vasspegelen i område tilgrodd med takrøyr. Totalt skal det takast opp om lag 150 m3 massar, og massane skal nyttast i dei same områda for å etablere små øyer som skal betre hekketilhøva for fugl. Tiltaka er planlagt utført med amfibie-gravemaskin i august 2020.

Løyvet vart gitt av Fylkesmannen i Møre og Romsdal, som var oppnemnd som settefylkesmann i saka.

Vedtak med løyve kan lastast ned via lenkja til høgre på denne sida.

Kontaktpersonar