Endra løyve for Tafjord Kraftvarme AS

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har 08.10.2019 endra løyvet til Tafjord Kraftvarme sitt anlegg i Ålesund kommune.

Endringa gjev Tafjord Kraftvarme løyve til å oppbevare inntil 800 tonn emballert brennbart avfall utendørs. Maksimal lagrindstid er 14 veker. Endringa er gyldig til 31.12.2022.

Vedtak med grunngjeving og løyve kan lastast ned via lenkjer til høgre på denne sida.

Vedtaket om løyve kan klagast inn til Miljødirektoratet innan 3 veker. Klaga må grunngjevast, og bør nemne eventuelle opplysningar som kan vere viktige for saka. Ei eventuell klage skal sendast til Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Kontaktpersonar

Dokument