Kontroll av mudring og dumping av massar i sjø

Mudring, dumping og utfylling av massar i sjø og vassdrag kan påverke miljøet. Miljøforvaltninga kontrollerer i haust slike anleggsarbeid i 12 fylke. Møre og Romsdal er blant desse.

Mange stader langs kysten vert det gjort inngrep på sjøbotnen for blant anna å auke seglingsdjup, utvide landareal og etablere kaiområde. Dei fleste av desse tiltaka krev eit løyve frå fylkesmannen.

Kan forureine sjøbotnen

Mudring, dumping og utfylling av massar i sjø og vassdrag kan medføre bortfall av leveområde, oppvirvling av forureina sediment og spreiing av partiklar som kan påverke artar og livet i sjøen. Dette kan bety varige skadar på viktige naturverdiar og fare for forureining.

Mudring, dumping og utfylling av massar i sjøområde er inngrep som er regulert av forureiningslova og i dei einskilde løyva som tiltakshavar må søkje fylkesmannen om. Det vert ofte stilt krav om å gjennomføre tiltak som skal minimere tiltakets påverknad på miljøet.

Eksempel på slike krav er avgrensing av tiltaksområde med duk for å hindre partikkelspreiing i vatnet, kontinuerleg overvaking i områda rundt tiltaksområdet, krav om ein gitt metode for gjennomføring av tiltak og tidsavgrensing på tiltaksgjennomføringa.

Styrke bransjens kunnskap

Kontrollane til miljøforvaltninga i haust vil i hovudsak fokusere på inngrep som omfattar mudring, dumping eller utfylling som er av ein viss storleik, finn stad i område med forureina sjøbotn eller ligg nær viktige naturverdiar.

Tilsynet vert gjennomført av fylkesmannen i 12 fylke i samarbeid med Miljødirektoratet. Møre og Romsdal er blant desse. Aksjonen skal bidra til å styrkje kunnskapen til bransjen rundt korleis ytre miljø kan verte påverka av mudring, dumping og utfylling og korleis ein kan redusere denne påverknaden.

Tema for tilsynet:

  • Metodar for tiltaket. Vert tiltaket gjennomført med metodar som er i samsvar med løyvet?
  • Avbøtande tiltak. Sikre at tiltak vert gjennomført i samsvar med vilkåra i løyvet.
  • Dumping og disponering av massar. Det er strengje krav til korleis massar skal handsamast. Reinheta avgjer om dei kan dumpast eller nyttast til utfylling, eller om dei må handterast som avfall og leverast til eit godkjent deponi.
  • Rutinar ved akutt forureining. Har tiltakshavar sett i verk tiltak for førebygging og vernebuing i tilfelle akutt forureining?
  • Mengda massar som vert mudra, dumpa eller nytta til utfylling. Kontrollere om grensene i løyvet vert overhaldne.
  • Området for tiltaket. Kontrollere at arbeidet skjer innanfor grensa som er gitt i løyvet.
  • Overvaking under tiltaket. Kontrollere at tiltakshavar følgjer vilkåra i løyvet om målingar, loggføring og rutinar ved eventuelle overskridingar.
  • Internkontroll. Tiltakshavar skal ha eit internkontrollsystem som sikrar eit systematisk arbeid med helse, miljø og tryggleik.