Fylkesmannen på forureiningstilsyn hos skipsverft

Miljødirektoratet og Fylkesmennene har sidan hausten 2014 hatt ein tilsynsaksjon for skipsverfta. Aksjonen retta seg mot forureining frå skipsverfta, og då særleg oppsamling av avverka materiale, utslipp til vatn, luft og støy. I Møre og Romsdal har 16 større skipsverft fått besøk sidan aksjonen starta, og fleire vil bli kontrollert i 2015.

Avverka materiale frå skip, som kan gje miljøskade om det ikkje blir samla opp.

Avverka materiale frå skip, som kan gje miljøskade om det ikkje blir samla opp.

Avverka materiale frå skip inneheld miljgifter og kan gje miljøskade om det ikkje blir samla opp. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Dei kontrollerte verfta har ulike utfordringar knytt til miljøpåverknad. Verfta som driv med reparasjon og vedlikehald av skip har større fare for utslepp til sjø når gamalt botnstoff og maling fjernast med høgtrykksspyling eller annen mekanisk handtering. Verfta som gjer denne typen arbeid gjer ikkje nok for å samle opp avverka maling og botnstoff, og hadde i liten grad kontroll på innhaldet i spylevatnet som gikk til sjø. Regelverket stiller krav til at avverka materiale skal samlast opp og at verfta skal kjenne til innhaldet i vatnet som blir sleppt ut i sjøen. Om utsleppa er store kan det stillast krav til ekstra reinsing av spylevatnet.

Verfta som byggjer og utrustar nye skip har i mindre grad utslepp av farlege stoff til sjøen. På desse verfta blei det mellom anna peikt på manglar ved handtering og lagring av avfall. Verfta handterer store mengder farleg avfall som til dømes olje, som utan sikker handtering og lagring kan gi høg risiko for utslepp og miljøskade. Fylkesmannen såg og på om søppel frå verfta bidreg til forsøpling av sjøen og områda rundt verfta. Marin forsøpling er eit stort miljøproblem og Fylkesmannen meiner verksemder som ligg utsett til for vind og bølgjer må gjere det dei kan for å unngå at dei bidreg til problemet.

Fleire av verfta i fylket ligg slik til at dei kan påverke bustader i nærleiken og støy og utslepp til luft kan til tider opplevast som sjenerande. Fylkesmannen har under aksjonen informert om dei krava som gjeld innanfor desse områda, og verfta si plikt til å handtere desse utfordringane på best mogleg måte. Verfta er pliktige til å kartlegge risikoforholda både innanfor desse tema, men og andre forhold knytt til miljøet. Dei må og gjøre naudsynte tiltak for å førebyggje regelbrot og skade på miljøet. Mange av verfta hadde avvik på desse områda.

Sjølv om verfta som blei kontrollerte kan betre drifta sin på mange miljøområde, er utsleppa av miljøgifter frå bygging og vedlikehald av skip på veg ned. Denne reduksjonen er eit viktig ledd i arbeidet for eit giftfritt miljø. Skipsverftslokalitetar er, saman med utvalde prioriterte hamner og fjordar, peika ut som område der innhald av miljøgifter i grunnen og sjøbotnen er så høgt at det må vurderast å gjere tiltak. Før slike tiltak settast i gang må dei viktigaste kjeldene til miljøgifter på land være stansa. Fylkesmannen vil fortsette å arbeide for at næringen utviklar seg i bærekraftig retning, ved mellom anna oppfølging av denne aksjonen, og kontroller av enda fleire verft framover.

Slipp med renne for oppsamling av spylevatn. Ei oppsamling av spylevatnet må oftast til for å kunne samle opp avverka materiale og gjer det mogleg å reinse vatnet før utslepp til sjø.

Slipp med renne for oppsamling av spylevatn.

Slipp med renne for oppsamling av spylevatn. Ei oppsamling av spylevatnet må oftast til for å kunne samle opp avverka materiale og gjer det mogleg å reinse vatnet før utslepp til sjø. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Slippvogn med oppsamling av spylevatn.

Slippvogn med oppsamling av spylevatn.

Slippvogn med oppsamling av spylevatn. Ei oppsamling av spylevatnet må oftast til for å kunne samle opp avverka materiale og gjer det mogleg å reinse vatnet før utslepp til sjø. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Lagring av farleg avfall. Farleg avfall skal vere lagra slik at søl og uhell ikkje kan føre til skade på miljøet. Avafallet skal og vere merka slik at det ikkje blandast saman med anna avfall.

Lagring av farleg avfall. Farleg avfall skal vere lagra slik at søl og uhell ikkje kan føre til skade på miljøet. Avafallet skal og vere merka slik at det ikkje blandast saman med anna avfall.

Lagring av farleg avfall. Farleg avfall skal vere lagra slik at søl og uhell ikkje kan føre til skade på miljøet. Avfallet skal og vere merka slik at det ikkje blandast saman med anna avfall. Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal.