Forsøpling og open brenning - tilsyn med kommunane

Fylkesmannen har ført tilsyn med kommunane som miljøvernmyndigheit når det gjeld forsøpling og open brenning. Tilsynet omfatta alle kommunane i Møre og Romsdal. Resultata viser at mange kommunar manglar tilstrekkeleg kartlegging av ulovleg avfallshandtering i kommunen. I tillegg manglar dei gjerne mål og handlingsplan for dette fagfeltet. Forsøpling er eit viktig satsingsområde i 2018, seier fylkesmann Lodve Solholm.

Tema for tilsyn med kommunane som forureiningsmyndigheit var i 2017 forsøpling og open brenning. Fylkesmenn over heile landet førte tilsyn med kommunar i sitt fylke. I Møre og Romsdal blei det ført tilsyn i form av brevkontroll med alle dei 36 kommunane. 

Resultat i vårt fylke

Det gjekk ut brev i fjor sommar med spørsmål frå Fylkesmannen. Det tok tid å få inn alle svara, men før årsskiftet hadde vi fått tilbakemelding frå alle kommunane. Svara viser at:

  • nesten alle manglar mål og handlingsplan for dette myndigheitsområdet
  • det er  mange som ikkje har kartlagt situasjonen i kommunen
  • tilsyn med forsøpling skjer oftast berre etter tips frå publikum
  • dei som gjer ei god kartlegging, får oversikt over omfanget av forsøpling i kommunen og kan gjere ei prioritering av sakene
  • mange kan bli betre når det gjeld registrering, dokumentering og oppfølging av sakene

Når det gjeld open brenning, ser det ut til at det i mange tilfelle er brannvesenet som får desse sakene utan at kommunen som miljøvernmyndigheit følgjer opp. Inspeksjonar på stader med forsøpling varierer i dei ulike kommunane frå null til 13 i året, medan talet på forsøplingssaker i året varierer frå null til 30. Dei fleste kommunane har ikkje brukt tvangsmulkt som verkemiddel i aktuelle saker, og svært få har nokon gong meldt saker til politiet.

Inntrykket er at dei som legg vekt på å følgje opp saker og arbeider systematisk med fagfeltet, får gode resultat. Når kommunen handterer saker godt, blir gjerne fleire saker melde inn av publikum. Slik kan kommunen bidra til å redusere forureining og samtidig betre det estetiske inntrykket av kommunen.

Kvar kommune har fått sin eigen kontrollrapport frå Fylkesmannen etter tilsynet. Ein tredjedel av kommunane har gitt tilbakemelding på kontrollrapporten, og Fylkesmannen sitt inntrykk er at kommunane vil arbeide meir med system og rutinar framover slik at dei tar myndigheita si meir aktivt i bruk. Slik vil saker som gjeld forsøpling og open brenning, bli handtert på ein god måte. På www.miljokommune.no ligg det informasjon og rettleiing som kommunane kan bruke i aktuelle saker.

Resultat i resten av landet

Til saman blei det ført tilsyn med 61 kommunar rundt om i landet. Resultata på landbasis samsvarar med det som blei funne i vårt fylke. Miljødirektoratet samanfattar det slik:

«De viktigste funnene er at kommunene kan forbedre seg på organisering og ansvar for forsøpling. Det omfatter både det at de må sette seg mål og handlingsplaner og gjennomføre kartlegging og risikovurdering for å få oversikt over forurensningssituasjonen der forsøpling er tema. Dette innebærer også rutiner for håndtering av forsøplingssaker. Et viktig resultat er også at kommunen kan bruke sin myndighet på forsøplingsområdet mer aktivt.»

Meir om forsøpling

Forsøpling kan gje skadar på menneske, dyr og plantar. I tillegg er det skjemmande. Kommunane har ei sentral rolle når det gjeld førebygging og oppfølging av forsøplingssaker. I år er også fylkesmann Lodve Solholm spesielt opptatt av forsøpling og har dette som eitt av sine tre hovudtema for 2018.

Forsøpling er forbode etter forureiningslova § 28. Etter § 37 er det kommunen som kan gje pålegg om å rydde opp i slikt avfall. Når det gjeld avfall frå næringsverksemd, er dette regulert i § 32. Det er Fylkesmannen som kan føre tilsyn med at verksemdene sørger for at avfallet blir levert til eit lovleg avfallsanlegg.