Registrer sjølaksefisket innan 1. juni 2019

Kilenotfiske i Romsdal
Kilenotfiske i Romsdal (Foto: Fylkesmannen i Møre og Romsdal)

Fisketidene for sjølaksefiske i deler av Møre og Romsdal er på høyring. Fristen for å registrere seg til sjølaksefiske er endra til 1. juni 2019.

Registrering

Det er registreringsplikt for alle som skal fiske i sjøen etter laks og sjøaure med fastståande reiskap. Registreringa finn stad direkte i Lakseregisteret - Sjølaksefiske: https://sjolaksefiske.fylkesmannen.no/. Innlogging skjer via ID-porten. Registeret har òg betalingsløysing for fiskaravgifta.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fastsett frist for registrering innan 1. juni 2019, uavhengig av når sesongen startar.

Fiskarar som registrerte sjølaksefiske i 2018 kan få tilsendt eit registreringsskjema dersom internettløysing ikkje kan brukast. Vær vennleg, gje beskjed om dette.

  • Kvittering for fiskaravgifta og
  • Kart i målestokk 1:20000 (200 m) der fiskeplassen er avmerka

må i så fall leggast ved og sendast til:

Fylkesmannen i Møre og Romsdal

Postboks 2520

6404 Molde

Endringar i fisketidene

Fisketidene for nokre av fjordområda er foreslått endra. Høyringsfristen er 10. mai. Dette gjeld Storfjorden og Hjørundfjorden, samt Sunndalsfjorden, Tingvollfjorden, Bergsøyfjorden og Batnfjorden innanfor E39. Meir informasjon om dette fins på Miljødirektoratet sine nettsider.

Rapportering

Nytt frå og med 2019 er at det i tillegg til laks og sjøaure også skal rapporterast regnbueaure og pukkellaks. Dette gjeld både ordinær og utvida sesong.