Revisjon av fisketider for laks og sjøaure

Sjøaure i Litledalselva. Fotograf: Jan Drøpping.
Sjøaure i Litledalselva. Fotograf: Jan Drøpping.

Miljødirektoratet skal gjennomføre hovudrevisjon av regelverk for fiske etter laks og sjøaure i elv og sjø før sesongen 2021. Fylkesmannen inviterer til å kome med innspel til fiskereguleringane.

Fylkesmannen vil gå gjennom innspela før oversending til Miljødirektoratet. Miljødirektoratet vil i neste omgang vurdere framlegga til fisketider og fiskereglar for Møre og Romsdal. Dette blir så sendt på endeleg høyring før nytt regelverk vert fastsett.

Miljødirektoratet har utarbeidd retningsliner for revisjonsprosessen og eit eige skjema for kvar elv, som du finn på sida her.

I retningslinene er følgjande verdt å merke seg:

  • Elvar som ikkje oppfyller krav om innlevering av fangstrapportar vil sannsynlegvis ikkje bli opna for fiske. Dette gjeld mange små vassdrag i fylket.
  • Det kan bli innstramming eller stopp i sjølaksefiske i område som beskattar svake bestandar utan haustbart overskot
  • Forslag til fiskereglar frå forvaltingslag i vassdrag med god organisering skal leggast til grunn om dei er innanfor retningslinene til Miljødirektoratet

Vi ber om at innspel om fiskereguleringar blir oversendt oss innan 15. mars 2020. Bruk e-post: fmmrpost@fylkesmannen.no

Sjå lenkjene til høgre på denne sida for skjema for tilbakemelding om revisjon av fisketider og fiskereglar for vassdrag. Også relevant rettleiar og retningslinjer frå Miljødirektoratet kan lastast ned via lenkjer til høgre på sida.

19.02.2020

Vassdrag i Fjord, Stranda og Sykkylven

Her kan det lastast ned skjema for tilbakemelding om revisjon av fisketider og fiskereglar for vassdrag i kommunane Fjord, Stranda og Sykkylven.

19.02.2020

Vassdrag i Volda og Ørsta

Her kan det lastast ned skjema for tilbakemelding om revisjon av fisketider og fiskereglar for vassdrag i kommunane Volda og Ørsta.

19.02.2020

Vassdrag i Herøy, Sande og Vanylven

Her kan det lastast ned skjema for tilbakemelding om revisjon av fisketider og fiskereglar for vassdrag i kommunane Herøy, Sande og Vanylven.

19.02.2020

Vassdrag i Ålesund, Ulstein og Hareid

Her kan det lastast ned skjema for tilbakemelding om revisjon av fisketider og fiskereglar for vassdrag i kommunane Åleusnd, Ulstein og Hareid.

19.02.2020

Vassdrag i Rauma, Vestnes og Aukra

Her kan det lastast ned skjema for tilbakemelding om revisjon av fisketider og fiskereglar for vassdrag i kommunane Rauma, Vestnes og Aukra.

19.02.2020

Vassdrag i Surnadal, Sunndal og Gjemnes

Her kan det lastast ned skjema for tilbakemelding om revisjon av fisketider og fiskereglar for vassdrag i kommunane Surnadal, Sunndal og Gjemnes.

19.02.2020

Vassdrag i Averøy, Hustadvika og Molde

Her kan det lastast ned skjema for tilbakemelding om revisjon av fisketider og fiskereglar for vassdrag i kommunane Averøy, Hustadvika og Molde.

19.02.2020

Vassdrag i Aure, Smøla, Tingvoll og Kristiansund

Her kan det lastast ned skjema for tilbakemelding om revisjon av fisketider og fiskereglar for vassdrag i kommunane Aure, Smøla, Tingvoll og Kristiansund.