Rauma friskmeldt for Gyrodactylus salaris

Elvane i Raumaregionen vart i dag friskmelde etter ein 40 år lang kamp mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

– I dag er det ein stor dag. Vi gratulerer Raumaregionen så mykje med friskmeldte vassdrag. Det betyr veldig mykje for Rauma, Møre og Romsdal og heile landet. Som koordineringsansvarleg vil vi takke alle aktørane som har bidratt. Alle partane si rolle har vore viktig for at oppdraget har lukkast, seier fylkesmann i Møre og Romsdal, Rigmor Brøste.

 

Omfattande arbeid med bekjemping og bevaring

Raumaregionen består av elvane Rauma, Istra, Hensvassdraget (Isa m/Glutra), Innfjordelva, Måna, Breivikelva og Skorga. For nesten 40 år sidan vart lakseparasitten introdusert her. Parasitten er ein innført framand art som kan utrydde heile bestandar av villaks i smitta elver.

Rotenonbehandlinga i 1993 var mislykka, for parasitten vart påvist att i 1996, og spreidde seg deretter igjen til nabovassdrag. Derfor vart det gjort nye behandlingar i 2013 og 2014. Rauma er med sin 42 kilometer lakseførande strekning den lengste elva som er rotenonbehandla til no.

Friskmeldinga er resultat av eit omfattande bekjempings-, reetablerings- og overvakingsarbeid, og har kosta over 100 millionar kroner.

Veterinærinstituttet planla og leia gjennomføringa av det svært omfattande bekjempingsarbeidet. Til saman var nesten 150 personer i sving under 10 intensive dagar både i 2013 og 2014 då rotenonbehandlingane vart gjennomført.

 

Vurderer opning av fisket

Rauma har lang tradisjon som ei populær elv for laksefiskarar. Det er no knytt spenning til når det kan bli opna for ordinært fiske i vassdraga.

- Fokus framover blir å sørge for at fiskebestandane blir fullt reetablert slik at dei når gytebestandsmåla. Det blir gjennomført gytefisktelling i Rauma og Innfjordelva i haust. Det kan bli opna for avgrensa fiske i 2020.
Fylkesmannen vil kome med tilråding om fisketid til Miljødirektoratet etter innspel frå elveeigarlaga, seier Linda Aaram, miljøverndirektør hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal

 

Vi må hindre spreiing av parasitten

For å hindre spreiing av Gyrodactylus salaris til nye vassdrag, må alle som ferdast mellom elver og innsjøar vere nøye med å desinfisere og tørke brukt utstyr.

Det er forbode å flytte fisk mellom alle elver og vatn, og mellom ulike deler av same vassdrag. Det er viktig å hugse at parasitten kan overleve fleire dagar i frie vannmassar. Fiske- og padleutstyr må enten tørkast eller desinfiserast.

 

Mot et Gyrodactylus salaris-fritt Norge

Den nasjonale bekjempinga av Gyrodactylus salaris har vore ein lang kamp med nokre tilbakeslag. No står det berre to regionar att som ikkje er behandla; Drivaregionen og Drammensregionen.

For meir informasjon om Gyrodactylus salaris og bekjempinga:

Pressekontaktar

 

Fakta Gyrodactylus salaris i Noreg

  • Har vore påvist i totalt 50 vassdrag fordelt på 17 smitteregionar. Utryddingstiltak har i monaleg grad minka omfanget. Med friskmelding av Rauma er i dag 38 vassdrag friskmelde, 5 vassdrag ventar på friskmelding etter behandling og 7 vassdrag står att som infiserte - 4 i Drivaregionen og 3 i Drammensregionen.
  • Vart introdusert til Noreg gjennom innførsel av framand laks og regnbogeaure minst fire gonger.
  • Parasitten har tidlegare vært den største menneskeskapte trusselfaktoren mot norske laksebestandar. Arbeidet med å fjerne parasitten er høgt prioritert, og dei siste åra har Vitenskapelig råd nedgradert trusselen frå parasitten.
  • Gyrodactylus salaris har ført til årlege inntektstap på om lag 200-250 millionar kroner, og har kosta Noreg tre-fire milliardar kroner. 

Fakta om bekjemping

  • Miljødirektoratet har det overordna ansvaret for bekjemping av Gyrodactylus salaris og bevaring/reetablering av bestandane.
  • Fylkesmannen har ansvaret for å leie dette arbeidet regionalt.
  • Veterinærinstituttet har på oppdrag frå Miljødirektoratet ansvar for den praktiske gjennomføringa av både bevarings-/reetableringsarbeidet og den kjemiske behandlinga.
  • Mattilsynet har ansvar for overvaking og smittereduserande tiltak.