Fylkesmannen inviterer til markering av VILLAKSENS ÅR

Velkommen til Teatret Vårt i Molde (Plassen) førstkomande onsdag 5. juni kl. 19:00. Fylkesmannen vil her markere at 2019 er villaksens år.

PROGRAM:

  • Velkommen ved kst. fylkesmann Rigmor Brøste
  • Musikalsk innslag v/Lærlingan
  • Populærvitenskapleg foredrag v/Leif Magnus Sættem,
    Laksen - den lange historia, situasjonen i dag og tankar om framtida.

Gratis inngang.

Velkommen!

Kontaktpersonar

Villaksens år

2019 er det internasjonale året for laksen. Både fiskarar og folk som aldri har teke i ein fisk før, er målgruppe for villaksens år.

Villaksen har vore i Noreg sidan sist istid, og har vore ein viktig ressurs for oss menneske som har levd her. Atlantisk villaks er den einaste ville arten av laks i Europa, og vi har rundt ein tredel av den totale populasjonen her i Noreg.

Kvart år er det 60.000 menneske som betaler fiskeravgifta som gir løyve til å drive anadrom laksefiske. 

I villlaksens år vil det vere ei rekkje arrangement over heile landet. 

Fleire offentlege instansar har oppgåver innan fiskeforvaltning, les meir om fylkesmannens oppgåver på dette området