Statsforvaltaren fekk nytt og kjønnsnøytralt namn 1. januar 2021. Det gamle namnet vårt var Fylkesmannen.

Fangststatistikk for laks og sjøaure i elvane i Møre og Romsdal 2020

Laksefiske. Foto: Geir Moen
Laksefiske. Foto: Geir Moen

Fiske av laks og sjøaure tok seg opp att i 2020, og var på same nivå som i 2017. Det er fortsatt i elva Surna at mest laks blir fiska.

Publisert 13.01.2021

I 2020 vart det rapportert inn ein totalfangst av laks (avliva + utsett) frå elvane i Møre og Romsdal på omlag 34,9 tonn. Dette er ein oppgang på over 10 tonn frå 2019 og 2018, men på same nivå som i 2017.

Surna hadde igjen størst fangst av laks i fylket med totalt 6,5 tonn. Rauma var ikkje opna for ordinært fiske, men overvakingsfisket med gjenutsetting gav heile 4,6 tonn. Eira med Eikesdalsvatnet på 3,9 tonn, Driva med 2,7 tonn og Bondalselva med 2,4 tonn hadde også over 2 tonn laks. Kjente elver som Valldøla og Stordalselva var stengt av elveeigarlaga i 2020 for å bygge opp bestandane.

Aukra innsig av laks og høgare vassføring enn i 2019 er truleg hovudårsaka til fangstauken.

Sjøaurefangsten i fylket tok seg litt opp etter botnrekorden i 2019 og kom på 4,4 tonn. Eira med Eikesdalsvatnet hadde størst sjøaurefangst med 904 kilo. Sjøaure var freda i Driva, men 440 kg gjenutsett gjev andreplass. Søya er på tredjeplass med 295 kilo.

 

Ein god fangststatistikk i kombinasjon med andre undersøkingar som videoovervaking av oppgang og teljing av gytefisk på hausten, gir verdfull kunnskap om bestandssituasjonen i det enkelte vassdrag. I 2020 sendte 70 elver fangstrapport. 12 elver var stengt i forskrift og nokre fleire etter lokale vedtak.

 

Fangst i vassdraga i 2020 (kilo)

LAKS:

 

Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av laks (avliva + utsett) i 2020. Tala viser totalt kilo laks, og tala i parentes tal i kilo avliva laks/tal i kilo utsett laks.

1.

Surna, Surnadal:

6472 (4716/1755)

2.

Rauma, Rauma:

4583 (542/4041)

2.

Eira m/Eikesdalsvatnet, Molde:

3976 (2771/1204)

3.

Driva, Sunndal:

2688 (2610/78)

5.

Bondalselva, Ørsta:

2375 (2375/0)

6.

Korsbrekkeelva, Stranda:

1745 (1680/66)

7.

Vikelva (Bjørke), Volda:

1640 (1640/0)

8.

Strandaelva, Stranda:

1560 (1560/0)

9.

Åheimselva, Vanylven:

1180 (1136/45)

10.

Osenvassdraget, Molde:

973 (965/8)

 

SJØAURE:



Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga i fylket med størst fangst av sjøaure i 2020. Tal i parentes viser kilo avliva sjøaure/kilo gjenutsatt sjøaure. I Driva var all sjøaure freda i 2020.

1.

Eira m/Eikesdalsvatnet:

904 (754/151)

2.

Driva, Sunndal:

440 (0/440)

3.

Søya, Surnadal:

295 (211/83)

4.

Surna, Surnadal:

239 (10/229)

5.

Nåsvassdraget, Hustadvika:

221 (197/24)

6.

Brusdalsvassdraget, Ålesund:

220 (220/0)

7.

Fuglvågvassdraget, Smøla:

218 (85/133)

8.

Hopenvassdraget, Smøla:

201 (100/102)

9.

Batnfjordselva, Gjemnes:

191 (191/0)

10.

Hinnåvassdraget, Smøla:

171 (69/103)

 

Fangst i vassdraga i 2020 (tal fisk)

 

LAKS:

Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av tal laks (avliva + utsett) i 2020. Tala viser totalt tal laks, og tala i parentes tal avliva laks/tal utsett laks.

1.

Surna, Surnadal:

1556 (1014/542)

2.

Rauma, Rauma:

928 (102/826)

3.

Bondalselva, Ørsta:

817 (817/0)

4.

Eira m/Eikesdalsvatnet, Molde:

812 (568/244)

5.

Driva, Sunndal:

759 (738/21)

6.

Åheimselva, Vanylven:

634 (601/33)

7.

Korsbrekkeelva, Stranda:

627 (578/49)

8.

Strandaelva, Stranda:

502 (502/0)

9.

Vikelva (Bjørke), Volda:

500 (500/0)

10.

Osenvassdraget, Molde

368 (365/3)

 

SJØAURE:

Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga i fylket med størst fangst av tal sjøaurei 2020. Tal i parentes viser tal avliva sjøaure/tal gjenutsett sjøaure.

1.

Eira m/Eikesdalsvatnet, Molde:

1163 (1060/103)

2.

Søya, Surnadal:

262 (160/102)

3.

Fuglvågvassdraget, Smøla:

244 (95/149)

4.

Hopenvassdraget, Smøla:

220 (108/112)

5.

Surna, Surnadal:

214 6/208)

6.

Hinnåvassdraget, Smøla:

202 (81/121)

7.

Nåsvassdraget, Hustadvika:

201 (162/39)

8.

Driva, Sunndal:

183 (0/183)

9.

Brusdalsvassdraget, Ålesund

118 (118/0)

10.

Usma, Sunndal

113 (113/0)