Sjølaksefiske i Møre og Romsdal

Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal registrere alle som skal fiske i sjøen etter laks og sjøaure med fastståande reiskap. Registreringa finn stad direkte i Lakseregisteret - Sjølaksefiske: https://sjolaksefiske.fylkesmannen.no/. Innlogging i Registeret skjer via ID-porten.

Frist for registrering til sjølaksefisket i Møre og Romsdal er 1. mai 2017.

Slutthandsaming av søknader etter 1. mai vil kunne komme i konflikt med oppstart av sjølaksefisket.

Betal fiskaravgift før fisket tar til.

  • Fiske med fastståande reiskap i sjøen med sesongstart før 1. juli          kr 649
  • Fiske med fastståande reiskap i sjøen med sesongstart etter 1. juli       kr 394

Avgifta for 2017 må vere betalt før utsending av fangstdagbok, send kopi av kvittering til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, ev. på e-post til fmmrpostmottak@fylkesmannen.no.

I Lakseregisteret har du tilgang til elektronisk betaling. Registeret vil då syne at du har betalt.

Fisket kan ikkje ta til før du har motteke fangstdagboka.

Har du ikkje tilgang til internett, kan du fylle ut registreringsskjema og sende det i posten. Du må då leggje ved kart der fiskeplassen er avkryssa.

Dei som berre fiskar etter rømt oppdrettslaks med bundne reiskap i sjøen i perioden 05.08-28.02. skal ikkje betale fiskaravgift.

Sjå lenke til forskrift med fisketider, «lenke».