Fangststatistikk for laks og sjøaure i Møre og Romsdal 2017

I 2017 vart det rapportert inn ein totalfangst av avliva og gjenutsett laks frå elvane i Møre og Romsdal på omlag 38 tonn. Dette er på same nivå som i 2016. Surna hadde størst fangst i fylket med totalt 6,2 tonn laks i 2017, medan det i 2016 vart fanga 8,2 tonn laks.

Ein god fangststatistikk i kombinasjon med andre undersøkingar som videoovervaking av oppgang og telling av gytefisk (dykking) på hausten, gir verdfull kunnskap om bestandssituasjonen i det enkelte vassdrag. Dette er eit viktig grunnlag for arbeidet med å sikre og styrke fiskebestandane for framtida m.a. ved å fastsette gode fiskereglar.

Diagram som viser fangst av laks og sjøaure i Møre og Romsdal i perioden 2010-2017

Diagram som viser fangst av laks og sjøaure i Møre og Romsdal i perioden 2010-2017

Nyare undersøkingar i regi av Norsk institutt for naturforskning (NINA) viser at gjenutsett laks i tre undersøkte elvar har ein overleving på i snitt 93 %. Ved forsøk med gjenutsetting i sju elvar vart i snitt 13 % av laksen fanga på nytt i fiskesesongen.

Nedgangen i sjøaurefangsten er tydeleg i mange vassdrag, ikkje minst i Driva som omkring år 2000 var ein av dei beste sjøaureelvane i landet. I 2017 var det ikkje tillatt å fiske sjøaure i Driva.

Fangst i vassdraga i 2017

 

Laks

I nokre vassdrag blir ein del av laksen gjenutsett. Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga med størst rapportert fangst av laks (avliva + utsett) i 2017. Tala viser totalt kilo laks, og tala i parentes tal i kilo avliva laks/tal i kilo utsett laks.

1.

Surna,   Surnadal:

6252 (4711/1541)

2.

Driva,   Sunndal:

5006 (4490/516)

3.

Eira,   Nesset:

2444 (1727/717)

4.

Bondalselva,   Ørsta:

2373 (2373/0)

5.

Ørstaelva,   Ørsta:

2190 (2190/0)

6.

Vikelva   (Bjørke), Ørsta:

1436 (1436/0)

7.

Moaelva,   Fræna:

1383 (1371/12)

8.

Oselva,   Molde:

1369 (1369/0)

9.

Stordalselva,   Stordal:

1348 (1348/0)

10.

Korsbrekkeelva,   Stranda:

1097 (1060/37)

 

Sjøaure

Nedanfor er ei oversikt over dei 10 vassdraga i fylket med størst fangst av sjøaure i 2017. Tal i parantes viser kilo avliva sjøaure/kilo gjenutsett sjøaure. I Driva var all sjøaure freda i 2017.

1.

Driva, Sunndal:

516 (0/516)

2.

Nåsvassdraget, Eide:

502 (393/109)

3.

Usma, Sunndal:

275 (275/0)

4.

Vatneelva, Haram:

267 (237/30)

5.

Surna, Surnadal:

167 (167/0)

6.

Fuglvågvassdraget, Smøla:

136 (76/60)

7.

Søya, Surnadal:

133 (110/23)

8.

Litledalselva, Sunndal:

125 (125/0)

9.

Hopenvassdraget, Smøla:

123 (71/52)

10.

Fetvassdraget, Sykkylven:

122 (122/0)

 

Diagram som viser elvar med størst fangst av laks i Møre og Romsdal i 2017

Diagram som viser elvar med størst fangst av laks i Møre og Romsdal i 2017

 

Diagram som viser elvar med størst fangst av sjøaure i Møre og Romsdal i 2017

Diagram som viser elvar med størst fangst av sjøaure i Møre og Romsdal i 2017