Endringar i forskrifter for fiske i sjø

Med bakgrunn i den negative utviklinga for sjøaure og laks i Møre og Romsdal har Fylkesmannen kome med endring av forskrifter knytt til fiske i sjø.

Forskriftene gjeld  nedsenking av garnreiskap og fiske etter anadrome laksefisk, fredning ved utløp av vassdrag, i sund og straumar.

 

Dei viktigaste endringane er:

I følgje § 1 i Forskrift om nedsenking av garnreiskap i Møre og Romsdal skal garn som blir nytta til fangst av saltvassfisk i perioden frå og med 1. mars til og med 30. september senkast slik at heile fangstdelen står minst 3 meter under havoverflata til ei kvar tid.

§ 1 pkt. 1 i Forskrift om fiske etter anadrome laksefisk, fredning ved utløp av vassdrag, i sund og straumar er alt fiske etter laks og sjøaure frå båt forbode innanfor munnings-fredningssona.

Likeins er alt fiske innanfor munningsfredningssona med kastenot, snurpenot, drivgarn, settegarn og liknande reiskap, kilenot, krokgarn, botngarn, lakseverp og liknande innretning, samt oter og dorg forbode i tida frå og med 15. april til og med 30. september. Dorg er fiske frå båt i rørsle med handsnøre og fiskestong med reiskap som eignar seg for å fiske laks og sjøaure.

Fredingssonene utanfor elvemunningane er uforandra.

Vi viser til publisering i Lovdata