Fiskeforvaltning

Fylkesmannen har ansvar for forvaltninga av laks og sjøaure, sårbare bestandar av innlandsfisk og fisk i regulerte vatn.

Fylkesmannen samlar inn fangststatistikk frå lakse- og sjøaurefisket, registrerer deltaking i sjølaksefisket og deler ut tilskot frå det statlege fiskefondet. Overvaking er viktig for å kunne ta vare på og styrkje fiskebestandane. Fylkesmannen har tett kontakt med grunneigarar og jakt- og fiskelag, og samarbeider tett med politiet, Statens naturoppsyn og Kystvakta om oppsyn med fiskeressursane.

Miljødirektoratet har ansvar for fiskereguleringar i elv og sjø og utarbeider forskrifter for fiske av laks og sjøaure.

Fylkeskommunen har ansvar for innlandsfisk av ikkje-trua bestandar i vatn som ikkje er regulerte. Fylkeskommunen har også ansvar for tildeling av fiskeoppdrettskonsesjonar.

Vis meir


03.06.2019

Fylkesmannen inviterer til markering av VILLAKSENS ÅR

Velkommen til Teatret Vårt i Molde (Plassen) førstkomande onsdag 5. juni kl. 19:00. Fylkesmannen vil her markere at 2019 er villaksens år.

29.05.2019

Endringar i fiske etter laks og sjøaure i sjø og vassdrag

Miljødirektoratet har i dag fastsatt forskrifter om endring i forskrifter om fiske etter anadrome laksefisk i sjø og vassdrag. Forskriftene trer i kraft straks.

24.04.2019

Registrer sjølaksefisket innan 1. juni

Fisketidene for sjølaksefiske i deler av Møre og Romsdal er på høyring. Fristen for å registrere seg til sjølaksefiske er endra til 1. juni 2019.

23.04.2019

Høyring på endringar i fisketider

Miljødirektoratet foreslår endringar i fisketidene for fleire elvar og fjordområde i Møre og Romsdal. Høyringsfristen er 10. mai.

11.02.2019

Kultiveringsplan for vassdrag i Møre og Romsdal

Fylkesmannen i Møre og Romsdal legg ut Kultiveringsplan for vassdrag i Møre og Romsdal til høyring. Planen omhandlar utsettingar av anadrom laksefisk og innlandsfisk i regulerte vassdrag.

31.01.2019

Fangststatistikk for laks og sjøaure i elvane Møre og Romsdal 2018

I 2018 vart det rapportert inn ein totalfangst av avliva og gjenutsett laks frå elvane i Møre og Romsdal på omlag 23,5 tonn. Dette er ein nedgang på 38 % frå 2018. Surna hadde størst fangst av laks i fylket med totalt 4,8 tonn. Nåsvassdraget i Eide hadde størst sjøaurefangst med 620 kilo.

08.05.2018

Fangststatistikk for laks og sjøaure i Møre og Romsdal 2017

I 2017 vart det rapportert inn ein totalfangst av avliva og gjenutsett laks frå elvane i Møre og Romsdal på omlag 38 tonn. Dette er på same nivå som i 2016. Surna hadde størst fangst i fylket med totalt 6,2 tonn laks i 2017, medan det i 2016 vart fanga 8,2 tonn laks.

09.04.2018

Registreringsfrist sjølaksefisket

Det er registreringsplikt for alle som skal fiske i sjøen etter laks og sjøaure med fastståande reiskap. Registreringa finn stad direkte i Lakseregisteret - Sjølaksefiske: https://sjolaksefiske.fylkesmannen.no/. Innlogging skjer via ID-porten. Registeret har òg betalingsløysing for fiskaravgifta.

20.09.2017

Åpent informasjonsmøte om fiskesperra i Driva

Tid: kl. 18:00-20:00Stad: Støgu i 2. etasje på Sunndal kulturhus, Sunndalsøra

18.08.2017

Film av gyteklar pukkellaks i elva Driva

Ved feltarbeid dokumenterer fiskeforvaltar Leif Magnus Sættem gyting av pukkellaks i Driva. Slike opptak er tidlegare ikkje kjent frå vår del av landet. Filmscena utfyller dei mange presseoppslaga om den spesielle laksearten denne sommaren.

Fleire nyhende