Strandryddeuka 2019

Strandryddeuka 2019 er frå 29. april til 5. mai. Mange skal ut for å gjere ein stor innsats for miljøet. Då er det viktig at vi også tar omsyn til fuglane som hekker i området.

Våren er tid både for strandrydding og hekking av fugl. Begge delar er livsviktig for at vi skal kunne bevare norske sjøfuglar. Vi vil på førehand takke alle frivillige som er med på den store dugnaden! Vi oppfordrar samstundes alle til å respektere ferdselsforbodet og vere varsam i område som er viktige for hekkande fugl.

Organisering av strandrydding

Vi er så heldige at det er folk frå alle samfunnslag og i alle aldre som engasjerer seg i strandrydding. Det kan vere alt frå store organiserte ryddeaksjonar til eit enkelt menneskje som er ute å ryddar. Det er også mange aktørar som er med på å organisere arbeidet og som sørgjer for at avfallet blir tatt hand om vidare. Fylkesmannen har laga ei oversikt over rollefordelinga i vårt fylke, med lenkjer og kontaktinfo til dei viktigaste aktørane. Oversikta finn du til høgre på denne sida.

Ryddereglar i hekketida

Som strandryddar skal ein vere merksam på om det er fugl som hekkar i nærleiken. Sjå etter reir på bakken og legg merke til fuglar som varslar («skrik»). Dersom ein kjem over område med hekkande fugl, gjeld det å ikkje opphalde seg for lenge der, men flytte seg vidare til neste plass utan å somle. Fylkesmannen har utarbeida eit faktaark med seks ryddereglar for strandrydding i hekketida. Faktaarket er tilgjengeleg til høgre på denne sida.

Verneområde for sjøfugl har ferdselsforbod for å sikre ro i hekketida Dette er vanlegvis frå 1. mai til 31. juli, men i nokre område er det ferdselsforbod i ein lengre periode. Områda er merka med ferdselsforbod på kartet over verneområda som du finn til høgre på denne sida. (Zoom inn og sjå etter område markert med sko med skråstrek over) .

Lenkjer til Ryddeportalen og refusjonsordninga:

Ryddeportalen Hold Norge Rent kan du registrere din ryddeaksjon og få nyttig informasjon om rydding av marint søppel.

Refusjonsordninga for handtering av herrelaust marint avfall administrerast av Hold Norge Rent og gjeld for avfall som er samla inn i frivillige ryddeaksjonar. Ordninga finansierast av Miljødirektoratet.

Lenkjer med informasjon om levering av avfall:

Levering av avfall til Coop-butikkar

 

Levering av avfall på Nordmøre (NIR) 

E-post nir@nir.mr.no og tlf. 71 58 77 99.

 

Levering av avfall i Romsdal (RIR)

E-post rir@rir.no og tlf. 71 21 34 50.

 

Levering av avfall på Sunnmøre (ÅRIM) 

E-post post@arim.no og tlf. 70 31 41 00.

 

Levering av avfall på Søre Sunnmøre (SSR) 

E-post firmapost@reinhaldsverket.no og tlf. 70 00 70 50.

 

Levering av avfall i Ørsta og Volda (VØR)

E-post firmapost@vor.no og tlf. 70 04 86 00.

 

Forsøpling som ikkje er eigarlaus (kommunen)

Meld frå skriftleg til den aktuelle kommunen via e-post til postmottak eller meldeteneste på kommunen si nettside! Følg lenkja over for ei oversikt over nettsidene til alle kommunane.

Ansvaret til Fylkesmannen

Fylkesmannen har fått i oppdrag å koordinere arbeidet med marin forsøpling i fylket. Vi skal ha oversikt over alle viktige oppryddingstiltak i fylket. Saman med relevante private og offentlege aktørar skal vi samordne oppryddingsarbeidet.

Vi skal innhente og godkjenne avfallsplanar for hamner. Alle hamnene skal ha ein godkjent avfallsplan for å sikre at avfall frå skip blir tatt forsvarleg hand om og ikkje kjem på avvege.

Vi fører tilsyn med ei rekke bedrifter i fylket. Som eit ledd i tilsyna sjekkar vi alltid om verksemda bidrar til forsøpling. Vi sett også vilkår i løyvet med tanke på å minimere utslepp av miljøfarlege stoff og for å hindre at avfall kjem på avvege.

Ansvaret til kommunen

Kommunen er myndigheit for forsøpling. Det innebér at den skal føre tilsyn med den alminnelege forsøplingssituasjonen i kommunen og følgje opp forsøplingssaker. Når kommunen oppdagar eller får melding om eit forsøpla område, kan den påleggje den ansvarlege å rydde opp etter seg. Kommunen kan også sette i verk opprydding på den ansvarlege si rekning dersom denne ikkje etterkommer pålegget. Dette gjeld både på offentlege område og på private eigedomar.